Maarrat Misrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma'arrat Misrin
معرة مصرين, Ma'arrat Masrin
by
Land  Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Idlib
Nahiyah Maarrat Misrin
Høgd 338 moh.
Koordinatar 36°00′N 36°40′E / 36.000°N 36.667°E / 36.000; 36.667
Folketal 17 519  (2004)[1]
Kart
Maarrat Misrin
36°00′41″N 36°40′18″E / 36.011388888889°N 36.671666666667°E / 36.011388888889; 36.671666666667

Ma'arrat Misrin (arabisk معرة مصرين, òg skrive Ma'arrat Masrin eller Ma'aret Masreen) er ein liten by nordvest i Syria, som høyrer til Idlib guvernement. Ma'arrat Misrin ligg 338 meter over havet, 50 kilometer sørvest for Aleppo, 40 kilometer nord for Ma'arrat al-Numan og 12 kilometer frå Sarmin.[2] Av stader i nærleiken finn ein Kafr Yahmul i nord, Zardana og Maarrat al-Ikhwan i nordaust, Taftanaz i aust, Ta'um, Binnish, al-Fu'ah og Kafriya i søraust, Idlib i sør, og Hafsarjah i sørvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS) Ma'arrat Misrin eit folketal på 17 519 i 2004. Han er det administrative senteret i ein nahiya som består av 16 stader med eit samla folketal på 57 859 i 2004.[1] Associated Press estimerte at folketalet i Ma'arrat Misrin var kring 40 000 i 2012. Innbyggjarane i byen er hovudsakleg sunnimuslimar, medan kring 15% følgjer sjiaislam.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

I følgje dei muslimske mellomaldergeografane al-Muqaddasi og Abu'l-Fida vart byen òg kalla Ma'arrat Nasrin. Syriske dokument frå 700-talet referer til byen som Ma'arrat Mesren. Krossfararane kalla byen Megaret Basrin eller Meguaret Mesrin.[2][4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Ma'arat Misrin var erobra av den muslimske armeen til Abu Ubaidah ibn al Jarrah i 637 fvt. etter å ha slått ein bysantinsk styrke i slaget ved Hazir mellom byen og Aleppo. Som Aleppo overgav han seg fredleg. Ma'arat Misrin vert kalla «Ma'arat Mesren» i syrisk kjelder frå 700-talet. Amr ibn Hawbar tente som guvernør i byen under Abbaside-kalifen al-Mutawakkil.[5]

Den bysantinske generalen Nikeforos II Fokas erobra Ma'arat Misrin i 968 og dreiv 1 200 innbyggjarar ut av byen til Anatolia. Året etter inngjekk han ein våpenkvile med fatimidane der sistnemnte fekk kontroll over byen. Bani Kilab, leia av Salih ibn Mirdas, prøvde å erobre Aleppo i 1024. Under offensiven erobra kommandanten til Mirdas, Abu Mansur Sulayman ibn Tawk byen Ma'arrat Misrin og sette guvernøren i fengsel. Seinare, før 1063, gjenerobra bysantinarane byen etter den lokale muslimske generalen Atiya hoppa av frå armeen til nevøen sin Mahmud ibn Nasr, som gjekk til åtak på Baalbek. Atiya og den bysantinske armeen frå Antiokia raida så Ma'arrat Misrin, brende ned utkanten av byen og tok livet av fleire av innbyggjarane. Seldsjukkane erobra byen mot slutten av 1000-talet og seldsjukkar-prinsen av Antiokia, Yaghi-Basan, døydde i Ma'arat Misrin i 1097.[5]

Krosstoga[endre | endre wikiteksten]

I 1099 vart Ma'arat Misrin erobra av krossfararane, som tok livet av forsvararane i byen og øydela minbaren («preikestolen») i moskéen.[5] Etter erobringa til Baldwin I av Edessa, gjorde innbyggjarane i Ma'arat Misrin og den nærliggande al-Fu'ah og Sarmin opprør mot krossfararstyret i 1104, og påførte soldatane deira store tap. I løpet av få dagar gjekk Ma'arrat Misrin over til ismailittane som utførte fleire åtak frå der mot den krossfarar-kontrollerte Shaizar i april 1114. Ismailittane vart slått av Bani Munqid, ei lokal arabisk stamme.[5]

Ma'arat Misrin kom igjen under krossfararane sin kontroll då byen kapitulerte då Baldwin II nådde fram i 1119. Burid- og Artuqid-herskarane Toghtekin og Ilghazi kringsette byen året etter, og Baldwin II måtte sende av stad ein styrke. Etter dette kom det i stand ein fredsavtale mellom dei to fraksjonane, der Ma'arrat Misrin, Kafr Tab og al-Bara vart verande hos krossfararane. Han tente som leir for krossfararane under raida til Aq Sunqur al-Hajib i området tidleg i 1126 før dei vart tvungen til å trekkje seg attende då dei gjekk tom for forsyningar. I 1129 storma Imad ad-Din Imad ad-Din Zengi forstadane til Ma'arrat Misrin, medan Imad ad-Din Zengid-guvernøren i Aleppo, Sawar, plyndra byen i 1132 før han trekte seg attende til Aleppo.[5]

I 1175 gjekk Ajjubide-dynastiet med sultan Saladin til åtak mot ismailittane som kontrollerte Maarrat Misrin og området kring. Saladin peikte ut onkelen sin på morssida, Shihab al-Din al-Hariri, som guvernør over området.[2] Sommaren 1222 fekk emiren av Aleppo frå Ajjubide-dynastiet, al-Salih, kontroll over Ma'arrat Misrin, men han gjekk til Aintab i 1227.[6] I 1240 vart byen invadert og plyndra av Khwarezmiyya.[2]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

På 1600-talet under det osmanske styret var Ma'arat Misrin senter i ein Qadaa i Aleppo vilajet.[7] Byen var ein stor landsby som låg blant sesamåkrar og olivenlundar seint på 1800-talet. Tidleg på 1900-talet skreiv den amerikansk arkeologen Robert Garrett at jordsmonnet i byen var «uvanleg fruktbart» og at det var rikt med fikentre.[8]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i det franske mandatet var Ma'arrat Misrin senter for ein nahiya («underdistrikt») i det større distriktet Aleppo.[5] Byen hadde eit folketal på kring 3 000 innbyggjarar i 1930. I 1945 var Maarrat Misrin ein del av distriktet Idlib og hadde 5 000 innbyggjarar.[2]

Ma'arrat Misrin fungerer som ein større kjøpstad for dei omliggande jordbrukslandsbyane. Marknaden i byen dekkjer fleire kvartal.[3]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Ma'arrat Masrin har opplevd vald under den syriske borgarkrigen, som byrja i 2011. Små demonstrasjonar mot korrupsjon i regjeringa og tryggingstenestene byrja i april 2011.[3] Den 12. desember 2011 hevda aktivistar i opposisjonen at den syriske hæren «på måfå» drap elleve folk i byen og den nærliggande Kafr Yahmul. Hendinga byrja då soldatar skal ha skote to sivile i Ma'arrat Misrin, noko som fekk innbyggjarane til å blokkere hovudvegen til landsbyane. Hæren fyrte av tilfeldige skot, og elleve personar mista livet.[9] Dagen etter gjekk avhopparar frå hæren til åtak på ein konvoi med tryggingsstyrkar i Idlib-området, og tok livet av sju soldatar.[10] Norke timar seinare vart to innbyggjarar til skotne av syriske tryggingsstyrkar under ei gravferd for dei drepne dagen før.[9]

Gjengjeldingskidnappingar har gått føre seg gjennom opprøret mellom innbyggjarane i Ma'arrat Misrin og dei nærliggande sjiamuslimske byane al-Fu'ah og Kafriya. I mars 2012 bomba den syriske hæren byen, og fem innbyggjarar mista livet. Leiaren for det åtte mann store rådet til opprørarane forhandla fram ein slutt på kampane, der opprørarane gjekk med på å fjerne kontrollstasjonane sine og hæren skulle stoppe operasjonane mot byen. Kampane mellom dei to stoppa,[3] men i følgje ei syrisk militærkjelde skal den syriske hæren den 7. september 2012 ha blitt angripen i bakhald av opprørarar i Ma'arrat Misrin. Totalt vart 42 personar drepne.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Gibb, 1960, s. 921-922.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Hubbard, Ben. Rebel-Held syrisk Town Struggles To Keep The Peace Arkivert 2012-08-30 ved Wayback Machine.. Associated Press. 2012-06-25.
  4. le Strange, 1890, s. 497
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Houtsma, 1987, s. 58.
  6. Houtsma, 1987, s. 58-59.
  7. Wilkins, 2010, s. 56.
  8. Houtsma, 1987, s. 59.
  9. 9,0 9,1 Syria unrest: Deadly clashes hit restive north-west. BBC News. 2011-12-13.
  10. Activists: syrisk army defectors kill 7 government forces[daud lenkje]. CNN. 2011-12-13.
  11. Latest Events Bulletin Arkivert 2013-12-04 ved Wayback Machine.. documents.sy. 2012-09-07.