Hopp til innhald

Maastricht-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komplekset der Maastricht-traktaten vart underskriven
EU 1992/83

Maastricht-traktaten eller Traktat om Den europeiske unionen vart underskriven i byen Maastricht i Nederland 7. februar 1992 av representantar for dei landa som var med i Den europeiske fellesskapen (EF). Trakten vart sett i verk 1. november 1993, og med dette var Den europeiske unionen (EU) skipa. Som fylgje av denne traktaten fekk EU mellom anna ein eigen ombodsmann.