MacBook Pro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MacBook Pro

MacBook Pro er ein serie berbare Macintosh-datamaskinar laga av Apple Inc. Serien vart introdusert i januar 2006 og erstatta PowerBook G4. MacBook Pro var den andre modellen, etter iMac, som vart lansert av Apple etter overgangen til prosessorarkitekturen til Intel i datamaskinene deira. Han har dei høgste spesifikajsonane av produkta i MacBook-serien og er i dag tilgjengeleg med skjermar på 13 eller 15 tommar.

Første generasjon MacBook Pro likna på PowerBook G4 på utsida, men brukte Intel Core-prosessorar istaden for PowerPC G4-chippar. Modellen med skjerm på 15-tommar vart lansert i januar 2006, ein modell med skjerm på 17-tommar kom ut i april, og begge vart oppgraderte med Core 2 Duo-prosessorar seinare same året. Den andre modellen, kjend som «unibody-modellen» er laga av eitt enkelt stykke aluminium. Han debuterte i oktober 2008 med modellar på 13 og 15-tommar. Ein modell på 17-tommar kom ut januar året etter. Oppdateringane i ettertid har vore oppgraderte Inter Core i5 og i7-prosessorar og innføring av Thunderbolt-teknologi frå Intel. Ein tredje generasjon MacBook Pro vart lansert i juni 2012 berre som 15-tommar-modell. Denne har ein skjerm med høg oppløysning, tynnare utforming enn dei tidlegare modellane, byter ut harddisken med SSD-disk og fjernar det optiske drevet. Samstundes vart oppdaterte versjonar av dei førre modellane annonserte, som vil halde fram med å vere i sal parallelt med den nye modellen. Ein modell på 13 tommar i den tredje generasjonen MacBook Pro kom ut i oktober 2012.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «MacBook Pro». Henta 21. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]