MacKlintokøya

Koordinatar: 80°09′27″N 56°29′08″E / 80.1575°N 56.485556°E / 80.1575; 56.485556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MacKlintokøya
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 612 km²
Folketal 0
Kart
MacKlintokøya
80°11′26″N 56°34′18″E / 80.190555555556°N 56.571666666667°E / 80.190555555556; 56.571666666667
Plasseringa til MacKlintokøya i Frans Josefs land

MacKlintokøya eller MacClintokøya (russisk Остров Мак-Клинтока; Ostrov Mak-Klintoka) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Øya er nesten sirkelforma og har ei lengd på 33 km. Ho har eit areal på 612 km² og er nesten heilt isdekt. Det høgaste punktet er 512 meter over havet.

MacKlintokøya ligg heilt opp til Galljaøya i vest og det smale Negrisundet går mellom dei. Det nordlegaste punktet på øya er Mys Grili (Greelyneset). Det søraustlegaste punktet er Mys Oppoltsera.

MacKlintokøya er kalla opp etter den irske utforskaren Francis Leopold McClintock.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Ostrov Aldzjer (Остров Алджер), Algerøya ligg nord for McClintockøya og mellom dei ligg eit 3 km breitt sund. Den mislukka amerikanske Ziegler-Baldwin-ekspedisjonen i 1901 overvintra på øya.
  • Ostrov Brjejdi (Остров Брейди), Bradyøya er ei relativt stor øy. Ho er stort sett dekt av is og ligg nordvest for McClintockøya. Mellom dei ligg det 6 km breie Aberdaresundet. Det høgaste punktet på øya er 381 meter over havet. Ho er kalla opp etter John Green Brady som var guvernør i Alaska 1897-1906. Mys Vize er det nordlegaste neset på øya og er kalla opp etter den russiske polareksperten Vladimir Wiese.
  • Like sør for McClintockøya ligg ei gruppe småøyar kalla Ostrova Borisika.
  • 5 km sør for McClintockøya ligg Ostrov Ogord (Остров Огорд), Aagaardøya. Denne øya vart oppdaga i 1873 av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen og kalla opp etter nordmannen Andreas Zacharias Aagaard som var kjøpmann og konsul for Austerrike-Ungarn i Tromsø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


80°09′27″N 56°29′08″E / 80.1575°N 56.485556°E / 80.1575; 56.485556