Mac Wilkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mac Wilkins


Statsborgarskap USA
Fødd 15. november 1950 (73 år)
Eugene
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Maurice Malcolm Wilkins, kjend som Mac Wilkins, (fødd 15. november 1950) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Eugene i delstaten Oregon. Han vart olympisk meister i diskoskasting i 1976 og tok sølvmedaljen i same øvinga under Sommar-OL 1984.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mac Wilkins i 2018

Wilkins vart i 1973 USA-meister (AAU) for fyrste gong. Seint i sesongen sette han personleg rekord med 64,77 meter, ein rekord han i 1974 forlengde til 65,14 m og i 1975 forbetra til 66,79 m. Den 24. april 1976 i Walnut i California sette Wilkins ny verdsrekord med eit kast som målte 69,18 meter. Ei veke seinare, den 1. mai i San Jose, gjorde han si beste tevling nokon gong, med tre kast over gjeldande verdsrekord. Lengste kastet målte 70,86 m, dermed fekk Wilkins som fyrstemann godkjent eit diskoskast over 70 meter. Verdsrekorden stod i 2 år. I slutten av juni månad vann han OL-uttaket etter å ha oppnådd 68,32 m. Vel ein månad seinare tok Wilkins i Montreal-OL heim gullmedaljen i diskoskasting med eit kast som målte 67,50 meter.

Frå 1976 til 1980 vann Wilkins AAU-meisterskapen i diskos fem gongar i rad. Sommaren 1979 gjekk Wilkins til topps i diskosøvinga under panamerika-leikane i San Juan i Puerto Rico på moderate 63,30 m. Seinare i 1979-sesongen nådde han gamle høgder med eit kast på 70,66 m. Wilkins var bestemann då USA heldt OL-uttak i 1980, men kom aldri til sommarleikane i Moskva, etter som USA boikotta leikane. I staden sette Wilkins USA-rekord den 9. juli 1980 i Helsinki. Kastet målte 70,98 meter og vart hans endelege personbeste.

Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles tok Wilkins sølvmedaljen i diskos, slått med 30 centimeter av Rolf Danneberg frå Vest-Tyskland. Også til dei olympiske leikane i Seoul hausten 1988 lukkast Wilkins kvalifisere seg. Han vart der femtemann i diskostevlinga, med eit bestekast på 65,90 m makta han ikkje å blande seg inn i medaljestriden.

Wilkins var òg ein framifrå kulestøytar. Med sitt lengste støyt på 21,06 meter vart han nasjonal innandørsmeister i 1977.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]