Macchi M.C.200 Saetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit Macchi M.C. 200.

Macchi M.C.200 Saetta var eit italiensk ein-motors jagarfly, utvikla og produsert av Aeronautica Macchi før og under andre verdskrig.

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter Italias erobringskampanje i Etiopia, sette Regia Aeronautica (Italias flyvåpen) i gang det dei kalla «Program R», som føresette levering av 3 000 nye fly. Programmet gav òg spesifikasjonar for nye jagarfly, som milom anna skulle kunna eskortera bombefly. Dei skulle vera bestykka med éin 12,7 mm mitraljøse og ha ei flytid på éin time, men desse krava vart snart dobla.

Sjefskonstruktør Mario Castoldi ved Aeronautica Macchi hadde tidlegare hatt ansvaret for konstruksjonen av Macchis flottørfly for deltaking i Schneider Trophy race, og for Macchi M.C.72, som to gonger sette verdenskrekorder i fart. På kort tid hadde han ferdig teikningar for M.C.200, og prototypen flaug for fyrste gong 24. desember 1937. Allereie tidleg i testprogrammet oppnådde den i stup ein oppsiktsvekkande fart på over 800 km/t, og vart i 1938 erklærd vinnar av Regia Aeronauticas jagarflykonkurranse.

Flyet fekk seinare namnet «Saetta» som tyder Lyn. Første produksjonsserie var på 99 stk med serienummer MM 4495–MM 4593. Etter datidens standard var M.C.200 svakt bevæpnet med dei to 12,7 mm mitraliøser med ammunisjonslast på 310 skot på kvar. Frå og med fly nr. 14 vart detta auka til 370 skot. Dei første 25 flya hadde ein constant-speed Hamilton-propell lisensprodusert av Fiat, medan seinare maskiner hadde Piaggio P.1001-propell (òg av constant-speed type). Prototypen vog 1 770 kg tom og 2 200 kg lasta. Med tillegg av ekstra pansring og anna utstyr vart seinare maskiner likevel suksessivt tyngre. For siste produksjonsserie, Serie XXI, var tomvekten auka til 2 019 kg og lasta vekt til 2 539 kg.

Pilotane i den avdelinga som var tiltenkt dei fyrste flye, 4. Stormo, var motvillege til å byta sina ekstremt manøvrerbare biplan mot monoplan med høgare ytingar. Det vart difor ein anna avdeling (Ima Stormo) som vart først operative på M.C.200. I november 1939 hadde dei motteke 29 fly. Totale bestillinger på M.C.200 var då auka til 572 stk. Flygerne mislikte likevel den innelukka cockpiten. Etter at første produksjonsserie var levert, vart difor seinare maskiner bygd med open cockpit.

Operativ teneste[endre | endre wikiteksten]

Fleire Macchi MC.200 Saetta på eskorteoppdrag for S.79 bombefly over Nord-Afrika i 1941.

Då Italia gjekk med i krigen 10. juni 1940, hadde Regia Aeronautica motteke 156 stk. M.C.200. Fordi typen var mellombels sett på bakken på grunn av to fatale havari, deltok dei likevel ikkje i dei kortvarige kampane mot Frankrike. Eit bel så det ut til at produksjonen måtte stansast, fordi ein fyrst ikkje fann årsaka til havaria. Dei vart likevel spora til stalling i høg fart, som nødvendiggjorde ein korrigering av vingeprofilet. Etter detta vart Saetta sett på som eit utmerka kampfly på mange måtar, ekstremt manøvrerbart og stabilt (normalt vanskeleg kombinerbare eigenskapar) og letthandterlig under alle tilhøve. Saetta var rett nok langsamare enn dei fleste allierte jagarfly den møtte i kamp, men kunne svinga skarpare enn dem alle, inkludert Spitfire, som var den einaste som klatra raskare. Samanlikna med sin samtidige Italienske våpenbror Fiat G.50 var den totale overlegen.

I 1940 var Saetta i kamp over Hellas, Jugoslavia og Malta. Seinare vart den mykje brukt som eskorte for S.M.79 og Junker Ju-87 bombefly over Middelhavet og i Nord-Afrika. I 1941, etter det tyske angrepet på Sovjetunionen, vart Regia Aeronauticas 22. Gruppo med 51 stk Saetta flytta til Russland saman med Corpo di Spedizione Italiano. Våren 1942 vart dei erstatta av 21. Gruppo, òg utstyrd med Saetta.

Saetta var ekstremt solid bygd og viste seg godt eigna som jagerbomber for lavangrep mot bakkemål. Den vart difor meir og meir nytta til slike føremål, etterkvart som den nyare og betre Macchi M.C.202 Folgore vart tilgjengeleg for jageravdelingene. Som jagerbomber kunne Saetta bera 8 stk bombar à 15 kg eller to bombar à 50, 100 eller 160 kg. Som alternativ til bombelast kunne den ta 2 slipptankar på 100 eller 150 liter kvar. Dei seinaste produksjonsflyene hadde dei same vingane som M.C.202. Nokon av desse hadde òg to ekstra 7,7 mm maskingevaærer montert i vingane.

Etter den italienske kapitulasjonen unnslapp 23 stk. Saetta til allierte basar i Sør-Italia og deltok seinare i kampane mot tyske styrkar i Italia.

I alt vart det bygget rundt 1 000 Saetta, men berre 395 av desse kom frå Aeronautica Macchi. Dei attverande vart levert av Breda og S.A.I. Ambrosini.

I høve ein konkurranse annonsert av det italienske luftfartsministeriet i 1938 teikna Mario Castoldi ein forbetra M.C. 200, kalla Macchi M.C.201. Dette flyet hadde vingar, hale og understell frå Saetta, men fekk eit nytt og slankare skrog. Prosjektet vart likevel oppgjeve til fordel for M.C.202 Folgore, og berre eitt eksemplar vart bygd.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Macchi MC 200 Saetta.svg
  • Motor: Ein 870 hk Fiat A.74 R.C.38, 14-sylindret, luftkjølt radialmotor
  • Bevæpning: 2× 12,7 mm Breda-SAFAT mitraliøser
  • Vengespenn: 10,58 m
  • Lengd: 8,19 m
  • Høgd: 3,51 m
  • Vingeareal: 16,80
  • Tomvekt: 1 894 kg
  • Normal lasta vekt: 2 323 kg
  • Maks. lasta vekt: 2 592 kg

Yting[endre | endre wikiteksten]

  • Maksimal fart: 502 km/t (i 4 500 m høgd)
  • Normal rekkjevidd: 570 km (ved 455 km/t)
  • Maks. rekkjevidd: 870 km (ved 450 km/t) med to slipptankar à 150 lit
  • Stigetid til 1 000 m: 1 min. 3 sek
  • Stigetid til 3 000 m: 3 min. 24 sek
  • Stigetid til 5 000 m: 5 min. 53 sek
  • Maks. tenestehøgd: 8 900 m.