Mache dich, mein Geist, bereit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mache dich, mein Geist, bereit
BWV 115
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring5. november 1724
Publiseringsdato1876
Typisk lengd22:17
Satsar/akterseks

Mache dich, mein Geist, bereit, BWV 115, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den 22. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er henta frå Johann Burchard Freystein (sats 1 og 6) og ein ukjend tekstforfattar

Koraltemaet er basert på salmen «Straf mich nicht in deinem Zorn». Denne melodien er funnen som ein dansemelodi kalla «Lament» frå eit manuskript datert minst frå 1681. Han vart så trykt som ein kyrkjesong (arie) i Hundert ahnmutig- und sonderbar geistlicher Arien i Dresden i 1694.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, obo d’amore, to fiolinar, bratsj, fiolincell piccolo og basso continuo inkludert valthorn i koralsatsane, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Mache dich, mein Geist, bereit», Koral
  2. «Ach, schlafrige Seele, wie? ruhest du noch?», Arie for alt
  3. «Gott, so vor deine Seele wacht», Resitativ for bass
  4. «Bete aber auch dabei», Arie for sopran
  5. «Er sehnet sich nach unserm Schreien», Resitativ for tenor
  6. «Drum so lasst uns immerdar wachen», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]