Mack bryggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Macks Ølbryggeri AS
Mack logo.jpg
Selskapsform Aksjeselskap
Org.nr. 975967093
Skipa 1877
Morselskap Ludwig Mack AS
Bransje Bryggeri
Produkt Øl, mineralvann
Hovudkontor Tromsø
Adm.dir. Harald Bredrup
Tilsette 130
Mack-bryggeriet i Tromsø, 2010.
Arctic beer fra Macks Ølbryggeri.

L. Macks Ølbryggeri med plasseringa si på Tromsøya det nordlegaste bryggeriet i verda.[treng kjelde] Mack tok i mai 2011 til å bygge ny fabrikk i Nordkjosbotn[1], og vil flytte produksjonen dit. Bryggeriet vart grunnlagt i 1877 av Ludwig Markus Mack. Korrekt namn er AS L. Macks ølbryggeri og mineralvannsfabrikk. Då det stod ferdig i 1877 hadde det kosta 72 000 kroner.[2]

Macks Ølbryggeri har i Tromsø ein eigen pub i bryggeriet som bli kalla for Ølhallen. Det er den eldste puben i Tromsø.[treng kjelde] Mack var det første bryggeri i Noreg som lanserte eit sesongøl utanom juleøl. Den 10. desember 2000 starta Nordkapp Mikrobryggeri i Honningsvåg produksjon av eige øl, dette var fram til 1. oktober 2009 det nordlegaste bryggeriet, men vart då nedlagt.

Selskapet[endre | endre wikiteksten]

Selskapet blir leida av administrerande direktør Harald Bredrup. Eigarselskapet i konsernet er Ludwig Mack as som er morselskap i Mack Ølbryggeri as og Mack Eiendom as. Ein stor del av aksjane er eigd av Ludwig Macks etterkommarar. Selskapet omsette for 524 millionar kroner inkludert avgifter i 2006[3]. Selskapet har ca 130 tilsette. Etter eit større underskott i 2002, måtte Mack-konsernet selje ut fiskerirelatert verksemd frå dotterselskapet Mackzymal og vart igjen eit reint bryggeri, med ein stor eigedomsmasse[4]. I mars 2008 offentleggjorde selskapet planar om å flytte produksjonen til Nordkjosbotn i Balsfjord kommune, etter over 130 års drift i Tromsø sentrum.

Ølsortar[endre | endre wikiteksten]

  • Mack pilsner - ein pilsner med relativt mykje malt
  • Haakon - ein kraftigare pils som har vunne fleire prisar.
  • Arctic Beer - ein litt lysare pilsner enn Mackøl
  • Arctic Beer XMAS (juleøl lansert i 2011)
  • Mack Isbjørn - ein såkalla "ice"
  • Mack Ludwig Bayer - Bayer
  • Mack Ludwig Pale Ale
  • Mack Ludwig Brown Ale
  • Mack Ludwig Hvete
  • Mack Freeze - Alkoholfritt øl
  • Mack Mørketidsøl
  • Mack Fatøl
  • Mack SMRPRTY - SMS-språk for "Summer party"
  • Mack Sommerøl
  • Mack XMASPRTY - Juleøl - SMS-språk for "Christmas party"
  • Mack Gull - Lyst sterkøl
  • Mack Bokøl - mørkt kraftig øl 6.5%
  • Mack Høstøl - litt mørkt øl som passar til sesongen
  • Mack Vårøl
  • Mack Fluid - Macks nye trendøl
  • Mack Afterski (lansert januar 2008, som det tredje ølet i party-serien)

Emballasjedesign[endre | endre wikiteksten]

Emballasjeløysninga for Mack SMRPRTY vart tildelt Merket for God Design fra Norsk designråd i 2004. Oppfølgjaren, XMASPRTY, vart lansert i 2006.

Brussortar[endre | endre wikiteksten]

  • Mack Brus med sitronsmak
  • Mack Grapesoda
  • Mack Julebrus
  • Rødebillys Rødbrus
  • Fruktsjimpanse
  • Bad Limes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det første gravetaket for ny fabrikk|http://www.nye-troms.no/nyhet.cfm?nyhetid=6996
  2. Mack om eiga historie|http://mack.no/om-mack
  3. Dagens Næringsliv Mack reddet av biomedisin 15.05.2007
  4. Dagens Næringsliv 21.05.2005