Hopp til innhald

Mad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mad

TypeSatire
Opprettanovember 1952
SpråkEngelsk
EigarDC Comics
Opplag267 174 (2015)
Nettstadmadmagazine.com
Mad har publisert faste bidrag av ei rekkje kjende vitseteiknarar. Biletet viser karikaturteiknaren Mort Drucker då han i år 2000 feira utgåve nummer 400.

Mad er eit amerikansk humor- og satireblad med hovudvekt på teikneseriar, grunnlagt av utgjevaren William Gaines og redaktøren og teiknaren Harvey Kurtzman i 1952. Bladet kom ut kvar månad og er den siste overlevande tittelen frå dei berykta og samtidig kritikarroste EC Comics-utgjevingane. Utgjevar Gaines lei tungt under sensuren i 1950-åra mot teikneseriar som bokstaveleg utrydda utgjevingane hans av skrekkteikneseriar (EC horror comics) frå salsstadane. Mad er ått av DC Comics. Omslaga viser nesten alltid Mad sin uoffisielle maskot, kjend som Alfred E. Neuman, ein liten gut med stort hovud og ei manglande tann.

Bladet er kjent blant anna for vitseteiknaren Don Martin, som jobba for bladet frå 1955 til 1987. Med sin karakteristiske teiknestil (figurar med lite hovud, stor hake og store føter) og slapstick-inspirerte humor var ein av dei mest populære teiknarane i bladet, og vart ofte omtalt som «MAD's Maddest Artist».[1] Mad gav òg ut ei rekkje pocketbøker med lengre Don Martin-historier.

Antonio Prohias, som teikna Spy vs Spy frå 1961 til 1990, var ein annan kjend Mad-teiknar.[2] Prohias var heilt blakk då han kom frå Cuba til USA, men fekk seg jobb hos Mad med ein gong, til trass dårlege engelskkunnskapar. Spy vs Spy var delvis inspirert av den kalde krigen og handlar om ein kvit og ein svart spion som freistar å drepa eller skade kvarandre. I dag vert serien teikna av Peter Kuper.

To andre kjende bidragsytarar i Mad er Sergio Aragonés[3] og Al Jaffee,[4] som begge framleis er aktive. Aragonés er sannsynlegvis den meste produktive teiknaren til Mad gjennom tidene, og har med eitt unntak (då teikningane forsvann i posten) produsert material for kvart einaste nummer av Mad frå 1963 fram til i dag. Han er best kjent for teikneseriar utan ord, som vanlegvis handlar om eitt bestemt tema i kvar utgåve. Jaffee er teiknaren med lengst fartstid i Mad, og har levert bidrag til bladet heilt sidan 1955. Han er best kjent for sina fold-ins (utbrettsbilde) på nest siste side, der ein ved å bretta bladet på ein bestemt måte får fram eit skjult bilete og tekst.

Karikatur av Alfred Neumann

Mad på norsk

[endre | endre wikiteksten]

Mad fekk òg ei tilhengarskare i Noreg, og Norsk Mad vart første gong lansert i 1971. Williams Forlag gav først ut åtte blad i perioden 1971–1972. Etter ni års fråvære gav Semic Forlag ut serien på nytt i perioden 1981 til 1994, i alt 118 blad i det som var Norsk Mad, den klårt mest vellukka inkarnasjonen til forlaget. Bladet inneheldt ei blanding av omsett material frå den amerikanske utgåva og eigenprodusert material frå norske teiknarar.

Dei første åra, frå starten i 1981 til og med 1985, var Dag Kolstad redaktør i bladet. Kolstad slutta i Norsk Mad i byrjinga av 1986, og starta kort tid seinare det konkurrerande humorbladet Pyton. Han tok med seg fleire av dei norske bidragsytarane i Norsk Mad (blant anna Arild Midthun og Tommy Sydsæter) til konkurrenten. «Krigen» mellom Norsk Mad og Pyton toppa seg i 1988, då Pyton trykte ein falsk Mad-forside på baksida i von om å stela lesarar frå konkurrenten. Dette enda i søksmål, og Gevion forlag (utgjevaren av Pyton) vart dømt til å betala 80 000 kroner i erstatning.[5] Likevel var det Pyton som vann humorkrigen, og på slutten av 1980-talet var salstalet til Norsk Mad søkkande, medan salstala til Pyton var stigande. I 1994 vart Norsk Mad nedlagt.

Bladkompaniet overtok Norsk Mad frå 1995, og freista å relansera bladet, men stoppa etter seks nummer i1996. Egmont var neste forlag som freista seg med ei norsk utgåve av Mad i 2001,[6] men òg denne gongen stoppa produksjonen etter berre seks nummer. Sommaren 2008 dukka likevel eit spesialalbum av Norsk Mad på nytt opp i kioskhyllene.

  1. «Don Martin», Lambiek Comiclopedia
  2. Antonio Prohias, Lambiek Comiclopedia
  3. «Sergio Aragonés», Lambiek Comiclopedia
  4. Al Jaffee, Lambiek Comiclopedia
  5. Sørheim, Erle Marie (2021): Karikaturenes historie: Fra hulemalerier til Charlie Hebdo, Humanist forlag As
  6. «Norsk MAD», Bergens Tidende 5. april 2001

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]