Mad minute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein britisk sersjantinstruktør i infanteriet instruerer ein rekrutt i skyting med SMLE Mk III Lee–Enfield i liggjande stilling, 31. august 1942.
Lee–Enfield-boltrifla er kjent for sin glatte sluttstykkegange, og blir ofte assosierert med Mad Minute.

Mad Minute er best kjend som ei hurtigskyteøving avleia frå ein treningsdrill frå før fyrste verdskrig i det britiske militæret med Lee-Enfield-rifla. Øvinga heitte «Practice number 22, Rapid Fire, ‘The Musketry Regulations, Part I, 1909» og kravde at det vart skote minst 15 skot på «Second Class»-figuren på 300 yard (270 m). Øvinga vart skildra slik: «Liggjande. Rifla lada med 4 skot i magasinet før ein ser skivene. Lading frå lomma eller bandolær med 5 skot etterpå. Eitt minutt tillate.» Øvinga var berre ein av fleire årlege testar for å klassifisera ein soldat som skarpskyttar, første- eller andreklasse skyttar avhengig av poenga han oppnådde.

Second Class-skiva var ein 1,2 m x 1,2 firkant (48 x 48 tommar) med 61 cm indre (24 tommar) og 92 cm ytre sirkel (36 tommar). Siktemerket var ein 30 x 30 cm figur (12 x 12 tommar) som representerte ein soldat som sikta med ei rifle frå ei skyttargrav. Poeng vart talde for treff kvar som helst på skiva. Sjølv om ei 12 toms skive har blitt nemnt i samband med Mad Minute-øvinga ser dette ut til å vere ein feil som stammar frå Ian Hogg si bok The Encyclopedia of Weaponry. Ingen andre kjelder nemner ei skive på 12 tommar. Ifølgje myta om ei 12 toms skive ville skivestørrelsen svart til ein 1,11 mil sirkel (3,82 bogeminutt), medan i røynda svarte skiva til ein 4,5 mil firkant (15,3 bogeminutt), som gjer arealet som tel treff over 15 gongar større.

Under slaget om Mons skal mange tyskarar ha rapportert det dei trudde var maskingeværeld, medan det eigentleg var vanlege britiske soldatar med boltrifler som skaut med høg skottakt.[1]

Verdsrekord[endre | endre wikiteksten]

Ei skisse av Second Class-skiva som vart brukt i den opphavlege Mad Minute-klassifiseringsøvinga. Det 12 tommar store siktepunktet skal førestille silhuetten av ein soldat. 3 poeng vart talde for treff i den indre 24 toms-sirkelen, 2 poeng for treff innanfor den ytre 36 toms-sirkelen og 1 poeng for treff innanfor 48 toms-firkanten.

Den første kjente Mad Minute-rekorden blei sett av majorsersjant Jesse Wallingford i 1908, med 36 treff på ei 48 toms skive på 300 yard (4,5 mil/ 15,3 bogeminutt).[2] Det skal ha vorte sagt at ein ny rekord 38 treff vart sett med alle treff innanfor 24 toms-sirkelen på 300 yard (2,25 mils/ 7,6 bogeminutt) i 1914 av sersjant Alfred Snoxall,[3] men det er lite dokumentasjon og usikkert om det faktisk skjedde eller var britisk propaganda. Det har vore store diskusjonar om det faktisk er mogleg å skyta så raskt og presist med ei boltrifle.

I Mad Minute-konkurransen i Noreg i 2015 vart ei standard 200 m DFS-skive brukt, og det vart rekna med 1 poeng per treff innanfor det svarte området som er 40 cm i diameter og svarer til 2 mil på 200 meter (6,9 bogeminutt). Dette gjer faktisk skiva i den norske konkurransen mindre enn i soga om Alfred Snoxall, som skal ha skote 36 treff innanfor ein 24 toms sirkel (61 cm) på 300 yard (2,22 mil/ 7,64 bogeminutt).

Ei Mad Minute-tevling vart arrangert i Soknedal i Noreg den 30. mai 2015, der fleire av dei beste stangskyttarane i landet deltok.[4] Konkurransen vart kalla «Mad Minute Challenge»,[5] og vart skoten på ei skive med diameter på 40 cm frå 200 meter (2 mil/ 6,9 bogeminutt), som gjer skiva mindre enn soga om Alfred Snoxall. Thomas Høgåsseter vart vinnar med 36 treff, medan gjennomsnittet av 11 deltakarar var 29 treff.

Målstørrelsar[endre | endre wikiteksten]

Tabellane under er baserte på sonene i den opphavlege Second Class-figuren (12, 24, 36 og 48 tommar) plassert på 300 yard, og viser den same relative skivestorleiken for forskjellige avstandar. Militærkalibra frå den tida (som .303 British, 6.5×55mm, 8x57mm osv.) er kraftigere og med mindre vindavdrift enn moderne militærkaliber i dag (som 5.56 NATO, 7.62x39mm, osv.). Vindavdrift ville derfor knapt vore merkbart på 100 m, lite merkbart på 200 m og framleis ein svært liten faktor på 300 m.

  • Tilsvarande tommestorleikar
Relativ størrelse 100 yard (91 m) 200 yard (183 m) 300 yard (270 m)
3,82 moa (1,11 mil) 4" (10 cm) 8" (20,3 cm) 12" (30,5 cm)
6,75 moa (2 mil) 7" (18 cm) 14" (35,5 cm) 21" (53 cm)
7,64 moa (2,22 mil) 8" (20,3 cm) 16" (40,6 cm) 24" (61 cm)
11,46 moa (3,34 mil) 12" (30,5 cm) 24" (61 cm) 36" (91,4 cm)
15,3 moa (4,5 mil) 16" (41 cm) 32" (81 cm) 48" (122 cm)
Relativ størrelse 100 m 200 m 300 m Forklaring
1,11 mil (3,82 moa) 11,1 cm 22,2 cm 33,3 cm Storleiken på siktepunktet i Second Class-figuren
2 mil (6,75 moa) 20 cm 40 cm 60 cm Skiva brukt i den moderne utgåva «Mad Minute Challenge»,

berre 1 poeng per treff (2015-rekord på 36 treff)

2,22 mil (7,64 moa) 22,2 cm 44,4 cm 66,6 cm Indre ring av Second Class-figuren (3 poeng),

storleikar tilsvarande soga om Alfred Snoxall sine 38 treff

3,34 mil (11,46 moa) 33,4 cm 66,8 cm 100 cm Ytre ring av Second Class-figuren (2 poeng)
4,5 mil (15,3 moa) 45 cm 90 cm 135 cm Ytre firkant av Second Class-figuren (1 poeng)

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Tidleg bruk[endre | endre wikiteksten]

Skyting med muskettar.

Uttrykket vart opphavleg brukt for å skildre tida det tok å lada ein muskett i kampar på 1700- og 1800-talet. Soldatar stod skulder mot skulder framføre fiendtlege formasjonar på avstandar frå 50 til fleire hundre meter med relativt upresise og sakteladande muskettar. Etter å ha avfyrt eit skot ville kvar soldat lade eit nytt skot så raskt som mogleg medan fienden gjorde det same. Grunna musketten sin dårlege presisjon var uttrykket spesielt relevant på korte avstandar.

Vietnamkrigen[endre | endre wikiteksten]

I Vietnamkrigen vart uttrykket brukt om ein drill med intens automateld for å drive ut inntrengarar eller drive tilbake eit overfall.[6]

Militær bruk i dag[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket blir framleis brukt i militær terminologi i dag for å skildre ein kort periode med intens automateld.[7]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. David Lomas (2012). Mons 1914: The BEF's Tactical Triumph. Osprey Publishing. s. 62. ISBN 1782004440. 
  2. Historical Firearms - The Mad Minute
  3. Ian V. Hogg, The Encyclopedia of Weaponry, Sterling Publishing, New York 2006.
  4. Soknedal Skytterlag - Norgescup stang og felthurtig 2015, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 4. juni 2016 
  5. «The Mad Minute Challenge», www.facebook.com, henta 5. november 2019 
  6. V24N3 - Battlefield Innovation
  7. http://www.dtic.mil/cgi-bin/GetTRDoc?

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]