Hopp til innhald

Madame Monsieur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madame Monsieur

Aktiv2013
Sjangerpop, synthpop
PlateselskapLow Wood

Madame Monsieur er ein fransk musikkduo beståande av vokalisten Émilie Satt og produsenten Jean-Karl Lucas. Duoen lagar musikk hovudsakleg innan pop, elektronika, elektronisk pop og fransk pop. Madame Monsieur representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy» i Lisboa i Portugal.[1]

Émilie Satt, fødd Émilie Sattonet, og Jean-Karl Lucas møtte kvarandre fyrste gongen i 2008 og skipa Madame Monsieur i 2013.[2][3][4][5] I 2015 skreiv dei songen «Smile» for den franske rapparen Youssoupha, og dei deltok seinare i den franske musikk-tv-programmet Taratata.[6] Duoen gav ut debutplata Tandem 4. november 2016.

1. januar 2018 vart det offentleggjort at Madame Monsieur var ein av deltakarane i Destination Eurovision, den franske uttakinga til Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy».[7] Duoen vann semifinalen og seinare finalen 27. januar og fekk dimed representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 i Portugal.[8] Der enda dei på ein 13. plass i finalen.

Madame Monsieur var med på å skrive songen «Roi», det franske bidraget i Eurovision Song Contest i 2019 som vart framført av artisten Bilal Hassani.

  • Émilie Satt — hovudvokal
  • Jean-Karl Lucas — produksjon og bakgrunnsvokal

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Tittel Detaljar Høgaste

listeplassering

FRA[9]
Tandem
  • Utgjeve: 4. november 2016
  • Selskap: Low Wood, Musicast
  • Format: Digital nedlastning, CD
Vu d'ici
  • Utgjeve: 20. april 2018
  • Selskap: Low Wood, Musicast
  • Format: Digital nedlastning, CD
39[10]
«—» indikerer at albumet ikkje nådde hitlisten.
Tittel[9] År Høgaste

listeplassering

Album
FRA FRA (nedl.) BEL (Va)[11]
«You Make Me Smile» 2015 Tandem
«Égérie» 2016
«See Ya» (med S.Pri Noir)
«Morts ou vifs» (med Jok'Air og Ibrahim Maalouf)
«Partir»
«Tournera» (med Youssoupha)
«Mercy» 2018 29[12] 2[13] 10[14] Vu d'ici
«Comme une reine»
«—» indikerer at singelen ikkje nådde hitlisten.
  1. «Destination Lisbon (#2): Meet Madame Monsieur from France - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 15. april 2018.
  2. «Nice-Matin n°2015-07-24 vendredi - Page 10 - 11 - Nice-Matin n°2015-07-24 vendredi - Nice-Matin - régional / internationale - générale - Actualité - 1001mags - Magazines en PDF à 1 € et GRATUITS . fr.1001mags.com. Henta 27. januar 2018.
  3. «INTERVIEW – MADAME MONSIEUR». Arkivert frå originalen 28. april 2017. Henta 27. januar 2018. Arkivert 28. april 2017 på Wayback Machine.
  4. «[Interview] Madame Monsieur : un duo chic ? | Juste 1 Question» (på fransk). Juste 1 Question. 24. mars 2016. Arkivert frå originalen 28. januar 2018. Henta 27. januar 2018.
  5. «L’interview du prof #5 - Madame Monsieur The Chemistry Magazine : Online magazine covering music, art, fashion and more». the-chemistry.net. Arkivert frå originalen 1. mai 2016. Henta 27. januar 2018. Arkivert 1. mai 2016 på Wayback Machine.
  6. «TARATATA N°500». mytaratata.com (på fransk). Arkivert frå originalen 14. november 2017. Henta 27. januar 2018.
  7. Weaver, Jessica (7. januar 2018). «France: Last 9 Destination Eurovision 2018 acts unveiled». Esctoday. Henta 7. januar 2018.
  8. Savage, William (27. januar 2018). «Madame Monsieur win Destination Eurovision». EuroVisionary. Henta 27. januar 2018.
  9. 1 2 «Discographie Madame Monsieur». French Charts Portal. Hung Medien.
  10. «Le Top de la semaine : Top Albums». 1. november 2013. Henta 27. april 2019.
  11. «Discographie Madame Monsieur». Belgia (Vallonia) Charts Portal. Hung Medien.
  12. «lescharts.com - Madame Monsieur - Mercy». Henta 27. april 2019.
  13. «Le Top de la semaine : Top Singles Téléchargés». 25. januar 2014. Arkivert frå originalen 20. oktober 2018. Henta 27. april 2019.
  14. «Madame Monsieur - Mercy». Henta 27. april 2019.