Madame de La Fayette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Madame de La Fayette
Comtesse de Lafayette.jpg
Pseudonym Madame de La Fayette
Fødd 18. mars 1634
Paris
Død

25. mai 1693 (59 år)
Paris

Yrke skribent, salongvertinne, romanforfattar, manusforfattar, historikar, korrespondent, hoffdame
Språk fransk
Madame de La Fayette på Commons

Marie-Madeleine Pioche de La Vergne, grevinne av La Fayette (døypt 18. mars 1634, 25. mai 1693), betre kjend som Madame de La Fayette, var ein fransk forfattar, og ein forgangsperson innan utviklinga av den tidlege moderne romanen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Gravering av Madame de Lafayette

Marie-Madeleine Pioche de La Vergne var fødd i Paris i ein rik familie frå lågadelen. Mor hennar, Isabelle Pena, var dotter av ein kongeleg livlege, og tente hjå hertuginne Rose-Madeleine d'Aiguillon. Far hennar, Marc Pioche, var hofftenar (écuyer), og tok namnet «de La Vergne» for å skjula dei borgarlege røtene sine.[1] Faren døydde då ho var femten.

I 1650, då Marie-Madeleine var seksten, var ho brudejente for dronning Anna av Austerrike og byrja samstundes å skaffa seg ei litterær utdanning frå den lærde Gilles Ménage, som underviste ho i italiensk og latin. Ménage fekk ho til å vera med i dei fasjonable salongane til madame de Rambouillet, markisa av Plessis-Bellière og mademoiselle de Scudéry. Det same året gifta mora seg opp att med Renaud de Sévigné, onkel gjennom ekteskap av Madame de Sévigné. Marie-Madeleine og kom til å knytta eit livslangt vennskap. Gjennom stefaren blei ho også kjend med Jean-François Paul de Gondi, kardinal de Retz.

Tjueein år gammal, i 1655, blei Marie-Madeleine gifta bort til den 38 år gamle greven av La Fayette, François Motier. Han var enkjemann og bror av Louise de La Fayette, ein kongeleg favoritt. Ekteparet fekk to soner saman. Greven hadde eigedommar i Auvergne og Bourbonnais som ho blei med til, men ho vitja også ofte Paris. Her blei ho kjend med personar frå hoffet og danna sin eigen salong, som ho gjorde til eit sentrum for ein krins av dei mest framståande kulturpersonane i samtida. I mange år var ho nært knytt til den franske forfattaren La Rochefoucauld.

I 1662 debuterte ho anonymt med den historiske romanen La princesse de Montpensier. I 1678 skreiv ho La princesse de Clèves, som av litteraturkjennarar blir rekna som ein av dei første moderne romanane. Han føregår ved det franske hoffet på midten av 1550-talet, på Henrik II si tid, og er eit psykologisk analyserande trekantdrama. Boka skildrar den store kjærleiken mellom den konvensjonelt gifte prinsessa til ein annan mann, som òg elskar henne. Den psykologisk djupe og svært spennande romanen blei straks ein stor suksess,og utløyste heftige diskusjonar. Ho stod for eit radikalt brot med den lange franske barokkromanen med innvikla handling og usannsynlege hendingar som i verka til D'Urfé og de Scudéry.[2] Boka blir framleis rekna som noko av det ypperste i fransk litteratur, sjølv om ein moderne lesar ikkje så lett vil koma til rette med den jansenistisk kompromisslause slutten.

Ho skreiv òg om minna frå si tid ved det franske hoffet, Mémoires de la Cour de France pour les années 1688 eit 1689.

Etter dødsfalla til La Rochefoucauld i 1680 og ektemannen hennar i 1683, førte La Fayette eit mindre aktivt sosialt liv i dei seinare åra av livet. Tre av verka hennar kom ut posthumt: La Comtesse de Tende (1718), Histoire d'Henriette d'Angleterre (1720) og Memoires de la Cour de France (1731).

Barn[endre | endre wikiteksten]

  • Louis de La Fayette (1658-1729), abbed
  • Armand-Renaud de La Fayette (1659-1694), militær

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • La princesse de Montpensier (1662)
  • Zaïde (1671)
  • La princesse de Clèves (1678)

Utgjevingar på norsk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nathalie Grande, Le Roman au XVIIe siècle : l’exploration du genre, Rosny, Bréal, 2002, ISBN 978-2-74950-022-5, s. 99.
  2. Winther, Truls Olav; Kolderup, Trude (26. februar 2020). «Marie Madeleine La Fayette». Store norske leksikon (på bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]