Made in Heaven av Freddie Mercury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Made in Heaven
Singel av Freddie Mercury
frå albumet Mr. Bad Guy
B-side «She Blows Hot and Cold» (3:30)
Utgjeve 1. juli 1985
Innspelt 1984
Sjanger poprock
Lengd 4:05

4:50 (Extended remix)

Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Reinhold Mack, Freddie Mercury
Freddie Mercury-kronologi
«I Was Born to Love You»
(1985)
Made in Heaven «Living On My Own»
(1985)


Made in Heaven
Song av Queen
frå albumet Made in Heaven
Utgjeve 6. november 1995
Innspelt 1984, 1995
Sjanger rock
Lengd 5:25
Selskap Parlophone (Europe)
Hollywood Records (US/Canada)
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen

«Made in Heaven» er ein song av Freddie Mercury frå albumet Mr. Bad Guy frå 1985. Songen vart noko korta ned og gjeve ut som den tredje singelen frå albumet, med «She Blows Hot and Cold», som B-sida, skildra på plateomslaget som «ein heilt ny song». Singelen nådde 57. plassen på den britiske singellista.

Etter at Mercury døydde, gav songen tittelen på Queen-albumet Made in Heaven frå 1995. Denne songen og «I Was Born to Love You», vart begge spelt inn på ny for albumet, men med den tidlegare vokalen til Mercury.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen

Queen-versjonen

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut i 7" og 12" format.

7" singel
# Tittel Lengd
1. «Made in Heaven (Remix)»   4:05
2. «She Blows Hot and Cold»   3:30

7"-singelen vart gjeve ut på ei forma biletplate.[1]

12" singel
# Tittel Lengd
1. «Made in Heaven (Extended Remix)»   4:50
2. «Made in Heaven (7» Remix version)»   4:05
3. «She Blows Hot and Cold (Extended version)»   3:30

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen til songen vart filma av David Mallet, som tidlegare hadde laga videoen til «I Was Born to Love You», og fem andre Queen-songar. Det vart bygd ein kopi av Royal Opera House i eit lager i Nord-London, der Mercury ønskte å gjenskape ein scene frå Igor Stravinskij sitt Vårofferet og Dante sin Inferno.[2] Det mest merkverdige elementet er truleg ei 67 fot høg roterande kule, som songaren står på i siste delen av videoen. Kostymet som Mercury har på seg i musikkvideoen liknar på kostymet han hadde i musikkvideoen til Queen-songen «Radio Ga Ga».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Discogs.com
  2. Jacky Gunn & Jim Jenkins. Queen: As It Began. Sidgwick & Jackson. s. 237–238. ISBN 978-88-7966-378-6. Henta 27. september 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]