Madeleine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madeleine av Sverige er ei svensk prinsesse fødd i 1982.

Madeleine er eit kvinnenamn som er ei fransk form av Magdalena, eit namn som tyder 'frå Magdala'. Madeleine har svensk namnedag den 22. juli.

Madeleine var noko brukt i Noreg før det fekk eit kraftig oppsving i populariteten på 1980-talet. I 2017 var det 2 051 norske kvinner som hadde Madeleine som førenamn.[1]

I Sverige blei det eit populært namn på 1970-talet, men popularitetsbølgja dalte mot slutten av 1980-talet. 31. desember 2009 hadde totalt 21 768 svenskar førenamnet Madeleine. I tillegg hadde andre variantar som Madelein, Madelene, Madelen, Madeléne og Madelén, totalt 10 864 personar.[2]

Madeleinekake, eller berre madeleine, er også namnet på eit fransk bakverk.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SCB Namnsök