Madeleine Albright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madeleine Albright
Albrightmadeleine.jpg
Fødd15. mai 1937
Praha
Død23. mars 2022 (84 år)
Statsborgar avTsjekkoslovakia, USA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkediplomat, politikar, skribent
InstitusjonarGeorgetown University
Utdanna vedWellesley College
Columbia University
Johns Hopkins University
Paul H. Nitze School of Advanced International Studies
Kent Denver School
School of International and Public Affairs
MorAnna Spiegelová
FarJosef Korbel
EktefelleJoseph Medill Patterson Albright
BarnAlice Albright, Anne Korbel Albright, Katie Albright
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Madeleine Korbel Albright (15. mai 193723. mars 2022) var ein amerikansk demokratisk politikar. Ho var utanriksminister for USA under Bill Clinton, og var òg professor ved Edmund A. Walsh School of Foreign Service ved Georgetown University.

I 1993 vart ho utpeika som USA sin FN-ambassadør. Albright vart utnemnt til utanriksminister av president Bill Clinton 5. desember 1996, og vart einstemmig godkjent av senatet. Ho tiltredde 23. januar 1997. Albright var den første kvinnelege utanriksministeren, og den 64. utanriksministeren i rekkja.

Ho gav ut sjølvbiografien sin Madam Secretary i 2003, The Mighty and the Almighty: Reflections on America, God, and World Affairs i 2006 og Memo to the President Elect: How We Can Restore America's Reputation and Leadership i 2008.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidlege leveår[endre | endre wikiteksten]

Albright vart fødd Marie Jana Korbelová (tsjekkisk uttale [ˈmarɪjɛ ˈjana ˈkorbɛlovaː]) i distriktet Smíchov i Praha i dåverande Tsjekkoslovakia den 15. mai 1937. Far hennar, Josef Korbel, var ein jødisk diplomat og var ein aktiv støttespelar av det første demokratiet i Tsjekkoslovakia representert av Tomáš Masaryk og Edvard Beneš.[1] Ho var det første barnet hans med kona Anna Spieglová, som òg var jøde. Seinare fekk dei òg dottera Katherine og sonen John.

Då Albright vart fødd, tenestegjorde faren som attaché ved den tsjekkoslovakiske ambassaden i Beograd. Signeringa av Münchenavtalen i 1938 og innlemminga av Böhmen og Mähren i det tredje riket i mars 1939 førte til at familien måtte flykta på grunn av kontaktane sine med Edvard Beneš.[2] Før flukta hadde Albrigths foreldre konvertert frå jødedomen til den katolske kyrkja.[3] Under krigsåra heldt Albright til i England, medan faren arbeidde for Beneš si tsjekkoslovakiske eksilregjering. Dei budde først i Kensington Park Road i Notting Hill i London, der dei oppheldt seg under den verste delen av blitzen. Seinare flytta dei til Beaconsfield, og deretter til Walton-on-Thames i Surrey, sør for London.[4] I England deltok den unge Albright som eit flyktningebarn i ein film som var laga for å fremja sympati for flyktningane i London.[5]

Albright vart oppdregen som katolikk, men konverterte til den episkopale kyrkja i USA ved bryllaupet sitt i 1959. Ho visste ikkje før seint i livet sitt at foreldra var jødiske, og at dei jødiske slektningane hennar i Tsjekkoslovakia var vortne utsletta under holocaust, mellom dei tre av besteforeldra hennar.[6]

Livet i USA[endre | endre wikiteksten]

Albright heldt til ti år i Denver, og tok avgangseksamen ved Kent Denver School i Cherry Hills Village i 1955, der ho grunnla klubben til skulen for internasjonale relasjonar og vart den første presidenten hans.[7] Ho studerte statsvitskap ved Wellesley College i Wellesley, Massachusetts, og tok avgangseksamen i 1959.[8] Avhandlinga hennar dreidde seg om den tsjekkiske kommunisten Zdeněk Fierlinger.[9] I 1957 vart ho amerikansk statsborgar og vart medlem av College Democrats of America.[10]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Albright vende tilbake til Washington i 1968, og pendla til Colombia for doktorgrada si i filosofi, som ho fekk i 1975.[11] Ho byrja ei pengeinnsamling for skulen til dottera, noko som førte til fleire posisjonar innanfor ulike skuleråd.[12]

I 1972 vart ho invitert til å organisera ei pengeinnsamling i Maine til Edmund Muskie i forsøket hans på å nominerast som presidentkandidat for Det demokratiske partiet.[13] Dette bekjentskapet førte til at ho vart den juridiske hovudrådgjevaren for Edmund Muskie i 1976.[14]

Etter Jimmy Carter sin siger under presidentvalet i USA 1976, vart Albrights tidlegare lærar, professor Brzezinski, utnemnd til rådgjevar i National Security Agency, og i 1978 rekrutterte han Albright til å arbeida i West Wing som liaison mellom National Security Council og Kongressen.[14]

Etter at Carter tapte mot Ronald Reagan i presidentvalet i USA 1980, heldt Albrigt fram ved Woodrow Wilson International Center for Scholars ved Smithsonian Institution i Washington, D.C., der ho vart tildelt pengar for eit forskingsprosjekt.[15] Ho valde å skriva om dissidentar blant journalistar i Polen, som var involvert i fagforeininga Solidaritet.[15] Solidaritet var på denne tida i den spede byrjinga si, men var i ferd med å tiltrekkja seg internasjonal merksemd. Albrigt reiste til Polen for å halda fram forskinga si, og intervjua dissidentar i Gdańsk, Warszawa og Kraków.[16] Då ho vende attende til Washington, erklærde hennar ektemann at han kom til å skilja seg frå ho, til fordel for ein anna kvinne.[17]

Albright vart medlem av den akademiske leiinga ved Georgetown University i Washington, D.C., i 1982, der ho spesialiserte seg på austeuropeiske studiar.[18] Ho leidde òg programmet til universitetet for kvinner i global politikk.[19]

Ho var òg ein sentral rådgjevar for Det demokratiske partiet i utanrikspolitiske spørsmål, og var rådgjevar for presidentkandidatane Geraldine Ferraro i 1984 og Michael Dukakis i 1988.[20]

Under presidentvalet i USA 1992 vann Bill Clinton, og med Det demokratiske partiet tilbake i Det kvite huset, vart Albright tilsett for å handtera overgangen til den nye administrasjonen ved National Security Council.[21]

I januar 1993 vart ho utnemnd av Clinton som USA sin SN-ambassadør.[22]

Albright vart i 2012 tildelt Presidentens fridomsmedalje.[23] I 1998 vart ho innvotert i National Women's Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michael Dobbs: Josef Korbel's Enduring Foreign Policy Legacy Arkivert 2009-08-22 ved Wayback Machine., The Washington Post, side A05, 28. desember 2000
  2. Madam Secretary, 2003, side 8-9
  3. Ari Beker: Choosing to remain a 'forced convert', Haaretz, 12. oktober 2006
  4. Madam Secretary, 2003, side 9-11
  5. Madam Secretary, 2003, side 9
  6. Michael Dobbs: Albright's Family Tragedy Comes to Light, The Washington Post, 4. februar 1997, side A01
  7. Madam Secretary, side 24
  8. Madam Secretary, side 47
  9. Madam Secretary, side 43
  10. Madam Secretary, side 34-35
  11. Madam Secretary, 2003, side 71
  12. Madam Secretary, 2003, side 63-66
  13. Madam Secretary, 2003, side 65
  14. 14,0 14,1 Scott, A.O.: Madeleine Albright: The Diplomat Who Mistook Her Life for Statecraft, Slate, 25. april 1999
  15. 15,0 15,1 Madam Secretary, 2003, side 91
  16. Madam Secretary, 2003, side 92
  17. Madam Secretary, 2003, side 94
  18. Madam Secretary, 2003, side 99
  19. Madam Secretary, 2003, side 100
  20. Madam Secretary, 2003, side 102-104
  21. Madam Secretary, 2003, side 127
  22. Madam Secretary, 2003, side 131
  23. «Obama honours 13 with Medal of Freedom at White House», BBC News, 30. mai 2012.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Madeleine Albright