Madeline Bell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madeline Bell
Jazz singer Madeline Bell.JPG
Madeline Bell på scenen
Fødd 23. juli 1942 (75 år)
Newark
Sjanger Soul
Aktive år 1965–i dag
Yrke Songar og låtskrivar
Tilknytte artistar Sandpebbles, Dusty Springfield, Blue Mink, Ashman-Reynolds, Spike Edney's All Star Band (S.A.S.)
Plateselskap RPM, RCA
Nettstad www.madelinebell.com

Madeline Bell (fødd 23. juli 1942) er ein amerikansk soulsongar som vart kjend i Storbritannia i 1960-åra.

Ho arbeidde mykje som studiomusikar, mest kjend for arbeidet sitt med Dusty Springfield. Den første solohitten hennar var ein coverversjon av Dee Dee Warwick-singelen «I'm Gonna Make You Love Me», som gjorde det betre i USA enn originalen.

Madeline vart med i pop-comboen Blue Mink, som hadde fleire hittar i Storbritannia.[1] Bell song korvokal for mange artistar og i 1975 song ho i Eurovision Song Contest i Stockholm i Sverige som korist for den tyske songen «Ein Lied Kann Eine Brücke Sein» av Joy Fleming. Ho song òg i den franske discogruppa Space.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bell's a Poppin' (1967)
  • Doin' Things (1968)
  • I'm Gonna Make You Love Me (1968)
  • Madeline Bell (1971)
  • Comin' Atcha (1973)
  • This Is One Girl (1976)
  • Beat out That Rhythm on a Drum (1998)
  • Blessed (2000)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Larkin, Colin (1993). The Guinness Who's Who of Seventies Music. s. 85. ISBN 0-85112-727-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]