Madlandsvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parti av Madlandsvatn

Madlandsvatn er eit vatn som ligg i Gjesdal i Rogaland. Vatnet ligg 250 over havet og har eit nedbørsfelt på 55 km². Fleire små sidevassdrag renn i hop i Madlandsvatn. Frå vatnet renn hovudelva om lag 5 km mot nordvest og ut i Oltedalsvatnet som ligg 111 meter over havet. Madlandsvatn høyrer til ein del av vassdraget som gjev grunnlaget for kraftproduksjon ved Oltedal kraftverk. Vatnet er derfor regulert. I følgje Jæren friluftsråd finst det aure i vatnet. Det er lov å fiske med stong i Madlandsvatn.