Mads Helland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mads Helland
Fødd 21. mai 1826
Holmestrand
Død

25. august 1902

Yrke reiar, politikar, trelasthandlar

Mads Olsen Helland (21. mai 182625. august 1902) var ein trelasthandlar, skipsreiar og stortingsmann frå Holmestrand.

Helland var son til ein skipper. Sjølv vart han utdanna til handelsmann. Frå 1852 til 1888 dreiv han trelasthandel og som skipsreiar i Brevik. Sidan var han busett i Kristiania. I Brevik var han mange år i bystyret, ei tid ordførar. Elles var han forlikskommissær, sparebankdirektør og fleire gonger valmann.

Helland representerte Brevik på Stortinget perioden 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av næringskomite nr 2.

Han døydde i Kristiania i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]