Mads Wiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mads Wiel
Fødd 18. mars 1791
Fredrikshald
Død

25. november 1835

Yrke kjøpmann, entreprenør

Mads Wiel (18. mars 179125. november 1835) var ein norsk handelsmann og industrigrunnleggjar (gründar).

Mads Wiel vart fødd i Fredrikshald i 1791. Far hans, Truels Wiel, var ein velståande kjøpmann, skogeigar, trelasthandlar, sagbrukseigar og skipsreiar, og sonen arva ei omfattande forretningsverksemd berre 16 år gamal: ein stor bygard, løkker, sjøbu, arbeidarbrakker og mindre husvære, lastetomter, sagbruk, møller, gardar og to skip, samt eit reipslageri og eit tobakkspinneri.

I 1812 vitja Mads Wiel København. Der fekk han høyre at det gjeldande importforbodet på bomull skulle opphevast. Straks etter kontakta han mekanikaren og industrispionen Charles Axel Nordberg og tinga av han eit komplett bomullspinneri og nokre vevemaskiner. I 1814 freista Wiel å frakte maskineriet til Noreg med sitt eige skip, men skipet og lasta vart konfiskert av svenskane. Fyrst i 1815 kom produksjonen ved bomullsspinneriet i Tistedalen i gang, men då òg med kongeleg privilegium frå den nye unionskongen i Sverige. Spinneriet vert rekna som den fyrste mekaniske industriverksemda i Noreg. Dei fyrste åra vart maskinane drivne med mekanisk kraftoverføring frå Tistafossen. Seinare vart det elektrifisert. Spinneriet vart lagt ned i 1971.

Wiel sjølv tente aldri særleg på industriproduksjonen. Marknaden var enno ikkje mogen for industriprodukt, og drifta låg ofte nede i dei fyrste åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]