Maeshowe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravhaugen Maeshowe

Maeshowe er ein forhistorisk gravhaug på øya Mainland i Orknøyane i Storbritannia. Gravkammeret i haugen er datert til yngre steinalder, venteleg bygt mellom 3100-2800 f.Kr. Maeshowe er ein del av verdsarven Heart of Neolithic Orkney, som sidan 1999 har vore med på UNESCO si verdsarvliste.

Inngangen til gravkammeret
Runer frå nordveggen i gravkammeret

Maeshowe er sju meter høg og trettifem meter i diameter. Inn til gravkammeret i haugen går det ein 11 meter lang, steinsett passasje i form av ein låg gang. Kammeret har inngangen plassert slik at solstrålane frå den nedgåande sola ved vintersolverv skal nå inn i passasjen og lyse opp det indre kammeret. Byggjinga av haugen, med ytre voll og vassgrav rundt, reknar ein med vart avslutta rundt 1500 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]