Mafraq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen i Jordan. For landsbyen i Saudi-Arabia, sjå Mafraq i Saudi-Arabia.
Mafraq
مدينة المفرق
by
Tankrundkøyringa i Mafraq
Land  Jordan
Guvernement Mafraq guvernement
Høgd 700 moh.
Koordinatar 32°16′0″N 36°09′20″E / 32.26667°N 36.15556°E / 32.26667; 36.15556
Areal 14 km²
 - storbyområde 128 km²
Folketal 56 340  (2004)[1]
 - storby 122 000
Folketettleik 4 024 / km²
Grunnlagd 333 fvt.
 - kommune sidan 1945
Retningsnummer +(962)2
Kart
Mafraq
32°20′34″N 36°12′18″E / 32.342777777778°N 36.205°E / 32.342777777778; 36.205
Wikimedia Commons: Mafraq
Nettstad: www.mafraq.gov.jo

Mafraq (arabisk المفرق, Al-Mafraq, lokale dialektar: Mafrag eller Mafra' , «krossvegar») er ein by og det administrative senteret i Mafraq guvernement i Jordan, 80 km nord for hovudstaden Amman nær Syria i nord og Irak i aust. Han hadde 58 954 innbyggjarar i 2000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den historiske byen Umm el-Jimal.
Martyrminnesmerket i Mafraq

Mafraq vart først busett på 300-talet fvt. Han ligg kring 17 km vest for den historiske nabateisk og bysantinske byen Umm el-Jimal, som vart bygd i det første hundreåret evt. Byen vart viktig etter opprettinga av Hejazbanen mellom Istanbul og Medina. Det låg òg ein britisk militærbase og flyplass tidleg på 1900-talet i Mafraq. Han vart seinare base for den arabiske legionen under den arabisk-israelske krigen i 1948.

Mafraq er hovudstaden i Mafraq guvernement og hovudkvarteret til den tredje divisjonen av den jordanske hæren. King Hussein Air College og ein flybase for det kongelege jordanske luftforsvaret ligg òg i byen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mafraq ligg nord i Jordan ved grendsa mellom Hauran-platået og Den syriske ørkenen, kring 80 km i nord from Amman. Han er det administrative senteret og den største byen i Mafraq guvernement. Byen ligg nær dei tre store byane Amman i sør, Irbid i vest og Damaskus i nord.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Den internasjonale hovudvegen mellom Damaskus og Riyadh går gjennom byen. Mafraq har ein jernbanestasjon på det nasjonale jernbanenettverket.

Togstasjonen i Mafraq

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Al al-Bayt universitet er det einaste universitetet i byen. Det vart grunnlagd i 1992 og ligg søraust, i utkanten av byen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisiell nettstad (arabisk), arkivert frå originalen 4. februar 2010, henta 7. oktober 2015 
  2. Al al-Bayt universitet, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 7. oktober 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]