Mafraq guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mafraq guvernement
محافظة المفرق
guvernement
Rådhuset i byen Khalediyya
Land  Jordan
Nahiyaer 4
Byar Ruwaished
Hovudstad Mafraq
 - koordinatar 32°16′0″N 36°9′20″E
Areal 26 551 km²
Folketal 300 300  (2012)
Folketettleik 11 / km²
Guvernør Saleem Rawahneh
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)2
Urban 39.2%
Rural 60.8%
Kart
Mafraq guvernement
32°16′0″ N 36°9′20″ E
Mafraq guvernement i Jordan
Mafraq guvernement i Jordan
Mafraq guvernement i Jordan
Wikimedia Commons: Mafraq Governorate
Nahiaer i Mafraq

Mafraq (arabisk محافظة المفرق Al-Mafraq, lokale dialektar Mafrag eller Mafra' ) er eit guvernement i Jordan, nordaust for Amman, hovudstaden i Jordan. Det hade eit folketal på 287 300 (2010)[1] som er 4,5 % av innbyggjartalet i Jordan. Administrasjonssenter er Mafraq, som er kjend for militærbasane sine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne mange romerske og bysantinske stader kring guvernementet, hovudsakleg kyrkjer frå 200-talet evt, og to av dei trur ein er av dei aller eldste kyrkjene som er bygd. Det finst òg romerske vassreservoar i Ruwaished og byen Mafraq. Mafraq har òg eit romersk fort.

Under Det britiske mandatet husa Mafraq militæranlegg som framleis er i drift i dag. Den tredje divisjonen til den jordanske hæren er stasjonert i Mafraq.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen ligg i aust i Jordan. Det er det einaste guvernementet i Jordan som grensar til tre land: Irak i aust, Syria i nord og Saudi-Arabia i sør. Det grensar til Irbid og Jerash guvernement i vest, og til Zarqa guvernement i sør.

Mafraq guvernement har det nest største arealet i landet, men den nest lågaste folketettleiken. Klimaet er tørt det meste av året. Dei vestlege delane av provinsen ligg på den frodige Hauran-sletta, og strekkjer seg inn i sørlege Syria, Golanhøgda og nordlege Jordan.

Det ligg ein grenseovergang frå guvernementet til Irak ved Karameh grenseovergang, og til Syria ved Jabir grenseovergang.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Mafraq guvernement var i 2004 244 188 der 30 % budde i byar og 70 % på landsbygda. Jordansk statistikkdepartement estimerte at det i 2010 var 287 300 innbyggjarar. I 2011 og 2012 førte borgarkrigen i Syria til at meir enn 180 000 syriske flyktningar kom til Jordan, dei fleste til Mafraq og Irbid guvernement. I juli 2012 opna Zaatari flyktningleir for syriske flyktningar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Mafraq guvernement er delt inn i fire distrikt (eller nahiyaer):

Naihya Arabisk namn Inndeling Administrativt senter Folketal (2004) Folketal (2008 est.)
1 Nafraq Casabah لواء قصبة المفرق omfattar 72 byar og landsbyar Mafraq . 101 712 114 550
2 Ruwaishid nahiya لواء الرويشد omfattar 12 byar og landsbyar Ruwaished 9 805 11 040
3 Nord-Badiya (Badiah Shamaliyah) nahiya لواء البادية الشمالية omfattar 67 byar og landsbyar Sabh 57 706 64 990
4 Vest-Badiya (Badiah Gharbiyah) nahiya لواء البادية الشمالية الغربية omfattar 45 byar og landsbyar Sama as-Sarhan قلايدالخيل 74 965 84 420

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DOS Jordan, arkivert frå originalen 4. mars 2011, henta 4. oktober 2015