Magasinet for Alle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magasinet for Alle
Oppretta1927
Språknorsk

Magasinet for Alle var eit norsk vekeblad som kom ut mellom 1927 og 1970 under ulike namn. Det blei grunnlagd som Arbeidermagasinet, heitte seinare Arbeidermagasinet for Alle og endra namn til Magasinet for Alle under andre verdskrigen. Det blei også kalla berre Magasinet.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Initiativet til magasinet kom frå fire medlemmer av Noregs Kommunistiske Parti, Otto Luihn, Auden Båstad, Birger Madsen og Oddvar Larsen. Arbeidermagasinet kom ut med sitt første nummer 23. november 1927. Det var på 64 sider og kosta 35 øre. Med ei lånt handkjerre frakta dei fire initiativtakarane papir mellom dei mange ledda i trykkeribransjen gjennom Oslo-gatene. Hjå Tengs & Brodersen fikk dei kreditt på papirinnkjøp, og slik klarte dei gje ut første nummer.

Magasinet var meint som eit «upolitisk underholdningsblad for arbeidsfolk». Sjølv om det frå byrjinga hadde ein klar sosialistisk profil var dette noko det klarte å følgja. Bladet var til og med lovleg under krigen, sjølv om det hadde flere skjulte angrep på okkupasjonsmakta. Trass i opphavet i eit NKP-miljø rekrutterte magasinet først og fremst partipolitisk uavhengige medarbeidarar.

Opplagsauke og suksess[endre | endre wikiteksten]

Magasinet oppnådde raskt stor popularitet, med eit opplag på 100 000 i 1935. Denne suksessen bidrog mellom anna til å finansiera Arbeidernes Leksikon, som blei gjeve ut av Arbeidermagasinets forlag mellom 1932 og 1936. I mellomkrigstida tok Arbeidermagasinet også til seg vekebladet For Alle og vittigheitsbladet Hvepsen.

Aukande fokus på skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

I mellomkrigstida fokuserte magasinet på reportasjar, mellom anna frå Sovjetunionen og Den spanske borgarkrigen, og på skjønnlitteratur. Etter krigen blei skjønnlitteraturen hovudfokus. I tillegg hadde magasinet også faste spalter, mellom anna hadde Karl Evang ei spalte om seksuell opplysning.

Ei rekkje kjende norske forfattarar kom først på trykk i Arbeidermagasinet/Magasinet for Alle, og redaktør Nils Johan Rud fekk etter kvart eit omdøme som mentor og hjelpar for meir enn ein generasjon forfattarar. Dei som «byrja i Arbeidermagasinet» var mellom anna Tor Jonsson, Arthur Omre, Alf Prøysen og Inger Hagerup. Også etablerte forfattarar som Aksel Sandemose, Arnulf Øverland, Rudolf Nilsen, Sigurd Hoel, Lars Berg, og Helge Krog bidrog jamleg til bladet i periodar.

Teikneseriar og illustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

Arbeidermagasinet spelte også ei viktig rolle for utviklinga av kulturen for norske teikneseriar. Magasinet hadde fleire årelange føljetongar. Teiknaren Bjarne Restan var med frå byrjinga og teikna serien Sjur Sjursen frå 1927 til nummer 52 i 1932. Anders Bjørgaard teikna Jens von Bustenskjold i Magasinet frå 1935 til 1962. Kunstnaren Tore Deinboll bidrog med seriane Den evige ilds land (1936/1937) og Petter Framgutt (kalenderåret 1938), medan kunstnervennen Trygve Mosebekk teikna og akvarellmåla teikneserien Krigsspekulantens fiende (1937/1938).

Bjarne Restan var fast teikna for Magasinet for Alle frå byrjinga til slutten. Han teikna ca. 10 framsider årlrg gjennom 1930-, 40- og 50-talet. Vidare teikna han mellom 5-15 illustrasjonar i kvart nummer alle desse åra. Borghild Rud og Kåre Espolin Johnson var også faste leverandørar av illustrasjonar til magasinet.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Magasinet hadde ein opplagstopp på 140 000 eksemplar kort tid etter frigjeringa. Konkurransen frå andre blad og etter hvert også andre medium, at distribusjonsnettet gjekk i oppløysing og innføringa av moms for blad bidrog til ein tilbakegang som gjorde at magasinet blei lagt ned i desember 1970.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Eivind Berggrav: «Magasinet. Bladet som skapte kulturhistorie». Tiden Norsk Forlag 1979.