Magdalena Forsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magdalena Forsberg
Magdalena Forsberg in Jan 2014.jpg
Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. juli 1967
Kramfors
Idrett skiskyting, langrenn
Yrke skiskyttar, langrennsløpar
Magdalena Forsberg i 2006

Magdalena Forsberg (fødd 25. juli 1967), opphavleg Magdalena Wallin, er ein svensk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Ullånger i Kramfors kommun i Västernorrlands län. Perioden 1997-2002 var ho den dominerande kvinnelege skiskyttaren i verda. Ho vann då verdscupen i skiskyting samtlege seks år på rad og tok seks VM-gull i skiskyting. I alt vann ho 12 medaljar (6-1-5) i skiskytings-VM og to OL-bronsar i same perioden. Som langrennar fekk ho ein stafettmedalje i VM 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Wallin deltok internasjonalt for Sverige i langrenn frå andre halvdel av 1980-åra. Høgdepunktet i langrennsløypa opplevde ho allereie under ski-VM 1987 i Oberstdorf, der ho gjekk startetappen for det svenske bronselaget i 4x5 km stafett. Hennar beste individuelle meisterskapsresultat var tiandeplassen på 30 km i ski-VM 1989 i Lahti.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Etter ho mislukkast å nå opp i spesielt langrenn, gjekk Wallin i 1993 for fullt inn for skiskyting som idrettsgrein. Allereie i 1995-sesongen vann ho eit renn i verdscupen og vart nummer sju på 15 km i VM 1995 i Antholz. Sesongen etter viste ho vidare framgong med ein siger på 15 km i verdscupen, samt tre tredjeplassar. I VM 1996 i Ruhpolding vann ho si fyrste individuelle VM-medalje, ein bronse. Om sommaren 1996 gifta ho seg med langrennaren Henrik Forsberg.

Magdalene Forsberg vann sine to fyrste VM-titlar i 1997 i Osrblie i Slovakia. Etter å ha teke bronsemedalje på 7,5 km vann ho 10 km jaktstart, fem sekundar føre Olena Zubrilova. Sidan i meisterskapen sigra ho suverent på 15 km, med berre eitt tilleggsminutt slo ho sølvvinnaren med over eitt-og-eit-halvt minutt.

Ho lukkast ikkje å ta medalje under vinter-OL 1998 i Nagano, men vart same året verdsmeister på 10 km jaktstart i Pokljuka. Under VM 1999 i Hochfilzen tok ho ein sølvmedalje og ein bronsemedalje. I Holmenkollen i 2000 vart ho verdsmeister på 10 km jaktstart for tredje gong, og fekk bronsemedaljen på 15 km. Ho deltok i sitt siste verdsmeisterskap i 2001 i Polkjuka, og reiste heim med to gullmedaljar (15 km og fellesstart), og ein bronsemedalje i 10 km jaktstart. Den totale medaljehausten frå verdsmeisterskapane vart på seks gull-, to sølv- og tre bronsemedaljar. I olympisk samanheng lukkast Forsberg å ta bronsemedaljar under OL 2002 i Salt Lake City.

Forsberg var heilt dominerande i verdscupen i skiskyting i 1997-2002, som ho vann samtlege seks år på rad. Frå 1995 til ho la opp i 2002 vann ho 42 enkeltrenn i verdscupen. 85 gongar stod ho på sigerspallen etter verdscuprenn.

Forsberg vart tildelt Sverige Radios Jerringpris heile fire gongar; 1997, 1998, 2000 og 2001, fleire enn nokon annan sportsutøvar. Men ho fekk aldri Svenska Dagbladet si gullmedalje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar