Magerøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magerøya
Lokalt namn: Máhkarávju
Nordkapp ligg på Magerøya
Nordkapp ligg på Magerøya
Geografi
Norway - Magerøya.png
Stad Barentshavet
Koordinatar 71°03′02″N 25°41′54″EKoordinatar: 71°03′02″N 25°41′54″E

Areal 436,4 km²

Høgaste punkt Gråkallfjellet (417 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Finnmark
Største busetnad Honningsvåg (2417 innb.)

Magerøya (nordsamisk: Máhkarávju) er ei øy i Nordkapp kommune i Finnmark. Ho er 436,6 km² og her ligg Knivskjellodden, det nordlegaste punktet, i Noreg og Europa om ein reknar med øyar på kysten av fastlandet. Like ved Knviskjellodden ligg Nordkapp-platået. Øya består av bert tundralandskap utan tre (bortsett frå små lommer med fjellbjørk) og bratte klipper på kysten. Det høgaste punktet på øya er Gråkallfjellet på 417 meter over havet.

Den største turistattraksjonen på Magerøya er Nordkapp, ei bratt klippe på nordkysten. For å ta imot dei mange turistane som kjem hit vart det bygd ein undersjøisk tunnel som stod ferdig i 1999. Nordkapptunnelen er 6,87 km lang og har eit djup på 212 meter under havoverflata og var den lengste og djupaste undersjøiske tunnelen i verda då han vart bygd.

Tettstader på Magerøya er Nordvågen, Skarsvåg, Gjesvær, Kamøyvær og byen Honningsvåg.

Det har budd folk på Magerøya i over 10 000 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Magerøya