Magesår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magesår er namnet på ei liding som kjem frå sårslimhinna i magesekken (ulcus ventriculi) eller tolvfingertarmen (ulcus duodeni). Dei fleste magesåra oppstår på grunn av infeksjon frå magesårbakterien Helicobacter pylori, gjerne i kombinasjon med andre faktorar, som arv, stress eller påverking frå kjemiske stoff.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Kjenneteiknet på magesår er vekttap og smerter i mageregionen som kan vera sviande eller brennande. Mat, særleg mjølkeprodukt, kan dempa smertene, medan til dømes røyking kan gjera dei verre. Pasientar kan òg få brekkingar, kasta opp blod og få svart avføring.

Ubehandla magesår kan vidareutvikla seg til magekreft, og det er derfor viktig å behandla dei. Ein kan stilla diagnosen ved hjelp av eit endoskop og ein vevsprøve frå såret for å sjå om det er vondarta.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Lenge meinte ein at ytre faktorar var hovudårsaka til at ein utvikla magesår. Først i 1982 la dei australske medisinarane Robin Warren og Barry Marshall fram hypotesen om at sjukdommen òg var forårsaka av ein bakterie. Etter mykje motstand frå det medisinske miljøet blei hypotesen akseptert.

Magesårbakterien står for 70-90 % av såra i magesekken og 90-95 % av dei i tolvfingertarmen. Helicobacter pylori finst naturleg hjå mange menneske, og som regel må òg andre faktorar verka for å gje magesår. Mellom anna kan betennelsesdempande medisinar og acetylsalisylsyre framkalla magesår. Ved å unngå for mykje bruk av desse, og ta syrehemmande tablettar, kan ein ofte førebyggja såret.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Magesår danna av H. pylori blir behandla med antibiotika, som regel ein trippelkur som inneheld fleire typar og varer i 7–10 dagar. Deretter vil som regel magesåret gro av seg sjølv i løpet av 6–8 veker. Bruk av syrehemmande tablettar hjelper på leginga. Dersom tilstanden er framkalt av medisinar bør pasienten slutta å bruka desse.