Maggie May

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maggie May
Singel av Rod Stewart
frå albumet Every Picture Tells a Story
A-side

«Reason to Believe»

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1971
Innspelt 1971
Sjanger rock
Lengd 5:15
Selskap Mercury
Komponist Rod Stewart, Martin Quittenton
Tekstforfattar Rod Stewart, Martin Quittenton
Låtskrivar(ar) Rod Stewart, Martin Quittenton
Produsent Rod Stewart
Rod Stewart-kronologi 
«It's All Over Now»
(1970)
Maggie May «(I Know) I'm Losing You»
(1971)


«Maggie May» er ein song av Rod Stewart, som han skreiv i lag med Martin Quittenton. Songen kom ut på Stewart-albumet Every Picture Tells a Story i 1971.

I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 131. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Maggie May» uttrykkjer ambivalensen og dei motstridande kjenslene til ein gut som er i eit forhold med ei eldre kvinne, og vart skriven basert på Stewart si eiga erfaring. I januar 2007 fortalte Stewart i Q: «Maggie May var meir eller mindre ei sann soge om den første kvinna eg hadde sex med, på Beaulieu Jazz Festival i 1961.»[1][2] Kvinna heitte ikkje Maggie May, og Stewart har sagt at namnet var henta frå ein gammal song frå Liverpool om ei prostituert kvinne.[2]

Songen vart spelt inn på berre to forsøk. Trommeslagaren Micky Waller kom ofte til innspelingane i den tru at trommesettet var rigga opp og klårt, men då han kom til innspelinga for «Maggie May», mangla cymbalane. Desse vart derfor lagt til som ekstra lydspor nokre dagar seinare.[3][2]

Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Reason to Believe», men etter kort tid byrja radiostasjonane i staden å spele B-sida og «Maggie May» vart meir populær. Songen vart den første store hitten til Stewart som soloartist og vart gjennombrotet hans. Det er i dag framleis ein av dei mest kjende songane hans. Songen vart framført på Top of the Pops i lag med Faces og DJ John Peel, som lata som han spelte mandolin (mandolinisten på innspelinga var Ray Jackson frå Lindisfarne).

Albumversjonen av «Maggie May» startar med ein 30 sekundar lang gitarintro kalla «Henry» og skriven av Martin Quittenton.[2] Ein versjon av Faces spelt inn for BBC Radio kom ut på plateboksen Five Guys Walk into a Bar.... Eit konsertopptak i 1993 av Stewart med Ronnie Wood for MTV Unplugged er med på albumet Unplugged...and Seated.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1971 gjekk songen til topps på UK Singles Chart og låg der i fem veker,[4] og samstundes gjekk songen til topps i USA. Every Picture Tells a Story gjekk òg samstundes til topps på albumlista.[5] Billboard rangerte songen på andreplass for heile 1971. Songen toppa òg lista i Australia i fire veker.

I desember 1976 gjekk songen inn att på den britiske singellista og nådde då 31. plassen.

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia Go-Set National Top 40[6] 1
Canada[7] 1
Tyskland 11
Ireland 2
New Zealand 3
Sveits 5
UK[4] 1
US Billboard Hot 100[8] 1
US Cash Box Top 100[9] 1
Liste (1976) Plassering
Irland 13
UK 31

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada[10] 19
UK 2
US Billboard Hot 100[11] 2
US Cash Box Top 100[12] 23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Maggie May by Rod Stewart Songfacts». Songfacts.com. Henta 30. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Myers, Marc (23. oktober 2015). «Maggie May – A Song of Loss». The Wall Street Journal (Dow Jones & Company). s. D6. 
  3. Rod – The Autobiography ISBN 9781780890524
  4. 4,0 4,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 265–66. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. «Allmusic: Every Picture Tell a Story : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 30. mai 2018. 
  6. «Go-Set Magazine Charts». www.poparchives.com.au. Barry McKay. January 2007. Arkivert frå originalen 13. mars 2017. Henta 25. februar 2017. 
  7. «Image : RPM Weekly». Henta 17. april 2016. 
  8. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–2002]
  9. «Archived copy». Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 7. februar 2016. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». www.collectionscanada.gc.ca. Henta 30. mai 2018. 
  11. «Top Pop 100 Singles» Billboard 25. desember 1971: TA-36
  12. «Archived copy». Arkivert frå originalen 26. juni 2015. Henta 30. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]