Maghar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maghar i Israel)
Maghar
מַעָ'ר, מע'אר, מגאר, المغار, Mughar, Mrar, Mghar
lokal kommune
Namneopphav: Grottene[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°53′24″N 35°24′30″E
Areal 19,81 km²
Folketal 19 900  (2009)[2][2]
Folketettleik 1 005 / km²
Kart
Maghar
32°53′24″ N 35°24′30″ E
Wikimedia Commons: Maghar, Israel

Maghar (arabisk المغار, hebraisk מַעָ'ר, òg al-Maghar eller Mghar) er ein arabisk landsby i Nord distrikt i Israel med eit areal på 19 810 dekar. Maghar fekk lokal kommunestatus i 1956. Det var 19 900 innbyggjarar i Maghar i slutten av 2009.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Maghar vart kalla Zar i romartida. Mange olivenlundar og vinpresser syner om ei lang historie med jordbruk i området, og mange grotter i åssidene syner at det har budd folk her lenge. Namnet på landsbyen kjem frå arabisk og tyder «grottene».[1]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var landsbyen oppført i osmanske skattelister som Magar Hazur, ein del av Tabariyya nahiya i Safad Liwa. Innbyggjarane var utelukkande muslimar og bestod av 169 hushaldningar og 17 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, oliventre, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[3]

På 1800-talet vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han kalla el-Mehar, med 1200 innbyggjarar. Han var delt inn i tre bydelar med muslimar, kristne og drusarar.[4] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine El Mughar som ein «stor, steinbygd landsby med kring 1 100 muslimar, drusarar og kristne, som ligg i ei åsside med store olivenlundar i sør og vest, ei stor kjelde og brikeh som gjev god vassforsyning.»[5]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Mughar wa Mansura eit folketal på 1377. Av desse var 265 muslimar, 676 drusarar og 436 kristne.[6] All dei kristne var romersk-katolske.[7] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Maghar, i lag med Al-Mansura, i alt 1733, i 373 busette hus. Av desse var 307 muslimar, 549 kristne og 877 drusarar.[8]

I 1945 var folketalet i Maghar, i lag med Al-Mansura, 2 140, alle arabarar, som eigde 55 583 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[9] 7 864 dekar var plantasjar og irrigert land, 18 352 for korn,[10] medan 55 dekar vart utbygd (urbant) land.[11]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Olivenlundar i Maghar.

Under Operasjon Hiram, 29–31. oktober 1948, overgav byen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av innbyggjarane flykta, men somme vart verande att og vart ikkje drivne bort av dei israelske soldatane.[12] Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Under Israel-Libanon-konflikten i 2006, vart to innbyggjarar i Maghar drepne og fleire skadde i åtak frå Hizbollah-rakettar og klasebomber.[13][14] Den 25. juli vart den 15 år gamle Doua Abbas drepen av ein rakett som traff huset hennar. Den 4. august vart den 27 år gamle mora til to, Manal Azzam, og to andre innbyggjarar alvorleg skadd då ein rakett traff eit bustadbygg.[15][16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 131
  2. 2,0 2,1 2,2 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187.
  4. Guérin, 1880, s. 457-458
  5. Conder and Kitchener, 1881, s. 364
  6. Barron, 1923m Table XI, Underdistrikt of Tiberias
  7. Barron, 1923, Table XVI
  8. Mills, 1932, s. 83
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 72
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 122
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 172
  12. Morris, 1987, s. 226
  13. Kalman, Matthew (5. august 2006). «In Israel: Arabs are among the dead and wounded in Hezbollah rocket attacks». Casualties of War: Families (San Francisco Chronicle). Henta 23. januar 2015. 
  14. «Libanon/Israel: Hizbollah Hit Israel with Cluster Munitions During Conflict». Human Rights Watch. Arkivert frå originalen 8. oktober 2008. Henta 23. januar 2015. 
  15. arabarar are among the dead and wounded in Hizbollah rocket attacks
  16. Einav, Hagai (4. august 2006). «3 killed in rocket attacks on nord». Ynetnews. Henta 23. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]