Maghdouché

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°31′18″N 35°23′09″E
Maghdouché
مغدوشة
by
MaghdoucheVillage.jpg
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Sør guvernement
Distrikt Sidon distrikt
Koordinatar 33°31′18″N 35°23′09″E
Tidssone EET (UTC+2)
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Maghdouché

Maghdouché (òg skrive Maghdouche, Maghdoucheh eller Maghdousheh) er ein by i Sør guvernement i Libanon. Han ligg 50 km sør for Beirut og 8 km søraust for Sidon. Landsbyen ligg 3 km frå kysten av Middelhavet, på ein ås som ligg 200 til 229 meter over havet.[1]

Maghdouché har kring 8 000 innbyggjarar, dei fleste melkittiske katolikkar og nokre få maronittar.

Hovudnæringa i landsbyen er jordbruk. Det vert dyrka druer og sitrusfrukter her, særleg appelsinar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Maghdouché», som kjem frå eit gammalsyrisk ord, tyder 'avlingshaustarar'. I følgje kristen tru skal Jomfru Maria ha venta på Jesus på toppen av åsen der Maghdouché ligg i dag då han drog til Sidon. Ho skal ha overnatta i ei grotte som fekk namnet Mantara eller 'den ventande'. Keisar Konstantin av Austromarriket fekk gjort om grotta til ein heilagdom for Maria. Han reiste eit tårn der til ære for ho, men det kollapsa i eit jordskjelv i 550. Seinare reiste kong Ludvig IX eit vakttårn på same staden. Mantragrotta vart tilfeldig oppdaga av ein gjetar i 1726. Då låg det eit bysantinsk ikon i grotta frå 600- eller 700-talet. Sidan den gong har grotta vore ein pilegrimsstad.

Under kampar mellom Amal-rørsla (sjiamuslimsk milits) og PLO i 1986, spreidde kampane seg til Maghdouché. Harde kampar fann stad i byen, som fall til palestinarane. Byen var då heilt øydelagd. I 1990 kom innbyggjarane i Maghdouché attende til ruinane og byrja oppbygginga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Discussion: 2. Al-Mountara ?. Christusrex.org (2000-12-19). Henta 25. september 2014.
  2. history. Web.archive.org (2009-10-27). Henta 25. september 2014.