Magic: The Gathering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Magic: The Gathering er eit samlekortspel, som blei skapt av Richard Garfield og introdusert av Wizards of the Coast i 1993. Magic var det første moderne samlekortspelet og er framleis svært populært.

Det blir spelt av to eller fleire spelarar med eigne samansette kortstokker. Magic kan også spelast på internett.

Det blir arrangert internasjonale turneringar og meisterskap i spelet. Ein kan vinne store pengepremiar, og dei beste spelarane er profesjonelle.

Det er no utgitt meir enn 10.000 ulike kort, i ei heil rad med seriar. Korta er i praksis ikkje berre er til å spele med, men kan også vere sjeldne, og har dermed også blitt samleobjekt. Kortet Black Lotus, som berre fanst i dei aller første seriane, har i lang tid vore det dyraste kortet på bruktmarknaden: I 2009 låg prisen på over kr 4.000 på bruktmarknaden.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.