Magic Christian Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magic Christian Music
Studioalbum av Badfinger
Utgjeve 9. januar 1970
Innspelt 1968 og 1969 i Abbey Road Studios, Trident Studios, IBC Studios og Olympic Studios i London
Sjanger Psykedelisk pop, powerpop, barokkpop[1]
Lengd 41:58
Selskap Apple
SAPCOR 12 (Storbritannia), ST-3364 (U.S.)
Produsent Paul McCartney, Mal Evans, Tony Visconti
Badfinger-kronologi
Maybe Tomorrow
(1969)
(as The Iveys)
Magic Christian Music No Dice
(1970)
Singlar frå Magic Christian Music
  1. «Come and Get It»
    Utgjeve: 12. januar 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Mojo2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
MusicHound2/5[5]

Magic Christian Music er debutalbumet til det britiske rockebandet Badfinger, gjeve ut tidleg i 1970 på Apple Records. Tre songar frå albumet vart nytta i filmen The Magic Christian, som òg gav tittelen til albumet. Magic Christian Music er likevel ikkje eit offisielt filmmusikkalbum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikken til The Magic Christian bestod av tre nye songar av Badfinger, inkludert hitten «Come and Get It», som opna filmen og «Carry on Till Tomorrow», som var kjenningsmelodien i filmen. Filmmusikkalbumet, som òg inneheldt musikk av Ken Thorne, var meint for ei utgjeving på Apple Records, men dette vart hindra av at Thunderclap Newman-songen «Something in the Air» var blitt nytta i filmen. I staden vart albumet gjeve ut på det lite kjende selskapet Commonwealth United Records i USA og Pye i Storbritannia. Som følgje av dette fekk det lite marknadsføring i USA og selde nesten ingenting.

For å fylle dette tomrommet gav Apple Records ut sitt eige «filmmusikkalbum». Apple kombinerte dei tre Badfinger-songane med fire songar som ikkje var gjevne ut før og sju eldre songar frå albumet Maybe Tomorrow, som bandet gav ut under namnet The Iveys i 1969. Dei tidlegare Iveys-songane vart miksa på nytt for dette albumet, og betra lydkvaliteten i prosessen. Ein av dei, «Fisherman», vart òg redigert for utgjevinga.

Dei tre Badfinger-songane i filmen - «Come and Get It», «Rock of All Ages» og «Carry on Till Tomorrow» - har alle ein Beatles-tilknyting. Dei vart produserte av Paul McCartney, som òg skreiv den førstenemnde songen, og strykarane på «Carry on Till Tomorrow» vart arrangerte og dirigerte av Beatles-produsenten George Martin. Dei andre songane på albumet vart produserte av Tony Visconti (seks songar) og Mal Evans (fem songar).

Albumet nådde 55. plassen på den amerikanske albumlista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Under er sporlista for den originale britiske utgåva, som CD-utgåva òg følgjer. Den originale amerikanske versjonen hadde ei anna rekkefølgje og mangla songane «Angelique» og «Give It a Try».

  • Songane merka med '†' vart opphavleg gjeven ut av The Iveys på albumet Maybe Tomorrow.
Side ein
# TittelProdusent Lengd
1. «Come and Get It»  Paul McCartney 2:21
2. «Crimson Ship»  Tony Visconti 3:42
3. «Dear Angie» ()Tony Visconti 2:39
4. «Fisherman» ()Mal Evans 2:24
5. «Midnight Sun»  Mal Evans 2:46
6. «Beautiful and Blue» ()Mal Evans 2:40
7. «Rock of All Ages»  Paul McCartney 3:16
Side two
# TittelProdusent Lengd
8. «Carry on Till Tomorrow»  Paul McCartney 4:47
9. «I'm in Love» ()Tony Visconti 2:26
10. «Walk Out in the Rain»  Mal Evans 3:27
11. «Angelique» ()Tony Visconti 2:28
12. «Knocking Down Our Home» ()Mal Evans 3:40
13. «Give It a Try»  Tony Visconti 2:31
14. «Maybe Tomorrow» ()Tony Visconti 2:51
Bonusspor på CD-utgåva frå 1991
# TittelProdusent Lengd
15. «Storm in a Teacup»  Mal Evans 2:31
16. «Arthur»  Mal Evans 3:20
Bonusspor på CD-utgåva frå 2010
# TittelProdusent Lengd
15. «And Her Daddy's a Millionaire» (alternativ versjon)Tony Visconti 2:24
16. «Mrs. Jones» (remix)Mal Evans 2:19
17. «Sali Bloo» ()Tony Visconti 2:45
18. «See-Saw Granpa» ()Mal Evans 3:32
19. «I've Been Waiting» ()Tony Visconti 5:55
Digitale bonusspor (2010-utgåva)
  1. «Dear Angie» [Mono Mix] – 2:35
  2. «Think About the Good Times» [Mono Mix] – 2:22
  3. «No Escaping Your Love» [Mono mix] – 2:01
  4. «Arthur» [Remix] – 3:15
  5. «Storm in a Teacup» [Mono Mix] – 2:30
  6. «Yesterday Ain't Coming Back» [Mono Mix] – 2:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Pete Ham – solo- og korvokal, solo- og rytmegitar, klaverinstrument
  • Tom Evans – solo- og korvokal, rytmegitar, bassgitar på «Crimson Ship», «Midnight Sun» og «Rock of All Ages»
  • Ron Griffiths – bassgitar (utanom der andre er nemnd), korvokal, solovokal på «Dear Angie» og «Give it A Try»
  • Mike Gibbins – trommer, vokal
Additional contributors
  • Paul McCartney – piano på «Rock of All Ages», perkusjon på «Come and Get It»
  • Nicky Hopkins – piano på «See-Saw Granpa»
  • Bill Collins – piano på «Knocking Down Our Home»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/magic-christian-music-mw0000268076
  2. http://www.allmusic.com/album/r1163
  3. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn), Volume 1. New York, NY: Oxford University Press. s. 358. ISBN 0-19-531373-9. 
  4. Harris, John (November 2010). «Strange Fruit: Various, Original Apple albums, 1969–73». Mojo. s. 116. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 65. ISBN 1-57859-061-2.