Magnar Sortåsløkken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnar Sortåsløkken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1947 (76 år)
Ringsaker kommune
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti

Magnar Sortåsløkken (fødd 1. august 1947) er ein norsk arbeidar, politikar og byråkrat frå Ringsaker. Han var stortingsrepresentant frå Hedmark og for Sosialistisk Venstreparti frå 1985 til 1997.

Sortåsløkken, som var son til ein industriarbeidar, gjekk handelsskule 1963/64. Han var så produksjonsarbeidar ved Moelven Brug frå 1964 til 1981. Deretter arbeidde han som tillitsmann på Moelven Brug til han vart vald inn på Stortinget.

Hausten 1985 kom Sortåsløkken inn på Stortinget på sistemandatet til Hedmark. Gjennom attval dei to neste stortingsvala representerte han SV på Tinget i tolv år. Alle tolv åra var han medlem i Sosialkomiteen, den siste fireårsperioden også visepresident i Lagtinget. Han stilte ikkje til val i 1997.

Frå 1997 til 2004 var Sortåsløkken fagsjef i Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke, og deretter rådgjevar i same organisasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]