Magne Aarøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magne Aarøen
Fødd28. april 1944
Innvik
Død27. juni 2003
Sandane
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar

Magne Aarøen (28. april 194427. juni 2003) var ein norsk lærar og politikar frå Innvik i Nordfjord. Han representerte Sogn og Fjordane og Kristeleg FolkepartiStortinget i 2001 til han døydde sommaren 2003.

Aarøen var son til ein gardbrukar. Åra 1963-67 utdanna han seg til lærar ved lærarskulane i Sogndal og i Volda. Etter fire år som lærar ved Farnes skule i Sogndal, flytta han til Selje kommune og arbeidde ved Selje skule 1971-75 og 1975-87, samt Stadlandet skule 1975-80. I 1987 vart han tilsett rektor for Sandane skule i Gloppen, ei stilling han skjøtta til dess han vart vald til stortingsrepresentant i 2001.

Aarøen var aktiv i Kristeleg Folkeparti allereie midt på 1960-talet. Han var medlem av kommunestyret i Selje frå 1976 til -87, varaordførar 1980-81 og ordførar 1982-83. Deretter var han medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane fireårsperioden 1988-91, før han så var med i Gloppen kommunestyre 1992-95 og 1999-2001.

Hausten 2001 vart Aarøen vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane, der han fekk plass i sosialkomiteen. Han sat som stortingsrepresentant til han i 2003 vart sjukmeld med dødeleg kreftsjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]