Magne Dæhli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magne Dæhli


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. april 1987 (36 år)
Løten
Idrett orientering

Magne Dæhli (fødd 24. april 1987) er ein norsk orienteringsløpar frå Løten i Hedmark. Han vann VM-gull i stafett for Noreg i 2016, 2017 og 2018. Individuelt er bronsemedaljane på mellomdistansen under VM 2019 og på klassiskdistansen i VM 2021 dei beste prestasjonane hans. Sigurd Dæhli er far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Magne Dæhli deltok på dei norske stafettlaga som vann sølv i VM 2012 og 2015, siste året som ankermann. Han heldt fram som ankermann dei neste tre åra og fekk gleda av å springe Noreg inn til tre strake fyrsteplassar. Dei to fyrste åra var han på lag med Olav Lundanes, dei to siste med Eskil Kinneberg.

Sidan vann Dæhli individuelle bronsemedaljar ved VM 2019 og VM 2021. I 2019 kneip han medaljen på mellomdistansen, eitt sekund føre fjerdemann. To år seinare vart han tredjemann på den klassiske distansen ved meisterskapen i Tsjekkia.

Dæhli vart norsk meister på klassiskdistansen i 2013. Hans einaste siger i ei verdscuptevling kom i finske Lohja 28. mai 2017.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2012: Sølv i stafett, nr 7 på klassiskdistansen
  • VM 2013: Nr 5 på klassiskdistansen
  • VM 2015: Sølv i stafett, nr 4 på mellomdistansen
  • VM 2016: Gull i stafett, nr 6 på klassiskdistansen
  • VM 2017: Gull i stafett, nr 4 på klassiskdistansen
  • VM 2018: Gull i stafett, nr 7 på klassiskdistansen
  • VM 2019: Bronse på mellomdistanse
  • VM 2021: Bronsemedalje på klassiskdistansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]