Magne Føleide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magne Føleide
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1937
Vereide
Død

14. oktober 2022 (85 år)
Florø

Idrett friidrett

Magne Føleide (30. juni 193714. oktober 2022) er ein tidlegare friidrettsutøvar, -leiar og skulemann frå Vereide i Gloppen kommune. Han vart norsk meister i sleggjekasting i 1969, 1970, 1971. Føleide har vore medlem i Vereide IL, IL Norrøna, Sarpsborg IL, Halden IL og Florø turn og idrettsforening (FTIF).

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Føleide var i norgestoppen i sleggjekasting i perioden 1954 til 1973. Gjennom desse 20 åra vann han i noregsmeisterskap i friidrett åtte sølvmedaljar, sju bronsemedaljar og sesongane 1969-71 tre gullmedaljar i rad. I 1961 fekk han bronsemedaljen i øvinga under Nordisk meisterskap i friidrett.

Personbeste[endre | endre wikiteksten]

17 år gammal kasta Føleide sleggja over 50 meter i fleire tevlingar. Lengst nådde han 15. september 1954 då han med 50,73 meter syrgde for norsk dobbeltsiger i landskampen mot Hellas i Aten, Sverre Strandli vann med 60,18 m. I juni 1955 forbetra Føleide sitt personbeste til 52,28 m heime på Sandane. Gjennom 1956-sesongen flytta han krinsrekorden i fleire steg, sist til 56,85 ved eit internasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo 12. september. Framgangen heldt fram i 1957, den 7. september landa sleggja på 58,80 m i eit stemne på Notodden.

I sitt fyrste år som senior var Føleide klubbkamerat med Oddvar Krogh og Sverre Strandli i Sarpsborg IL. Heime i Sarpsborg pynta han på den personlege rekorden med eit kast på 59,02 m den 27. august 1958. I 1959 flytta Føleide til Halden der han 20. september 1960 for fyrste gong slengde sleggja over 60 meter (60,05 m). Under NM i friidrett 1961 i Bergen forbetra han den personlege rekorden til 61,40 m og vart andremann etter Sverre Strandli som gjorde årsbeste med 62,47 m. I 1962 flytta Føleide sitt personbeste to gongar, sist til 62,28 m då han vann eit stemne i Uddevalla.

8. august 1965 kasta Føleide 63,32 m i Årdalstangen i Sogn. År 1969 stod Føleide for fyrste gong for det lengste sleggjekastet i Noreg. Heime i Florø sette han han 9. august personleg rekord med 63,50 m. Sitt aller lengste sleggjekast, 63,58 meter, presterte han i eit stemne i Tresfjord 4. juli 1970.

Idrettsleiar[endre | endre wikiteksten]

Føleide underviste ved Flora vidaregåande skule i over 30 år. I fleire tiår var han ein sentral figur i eit framifrå friidrettsmiljø i Florø. Dottera Eli Føleide var ein av utøvarane som vann medalje i noregsmeisterskap, ho i lengdehopp og tresteg, andre FTIF-utøvarar i løps- og kastøvingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]