Magne Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå politikaren Magne Johansen.
Magne Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1965
Trondheim
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Magne Johansen (fødd 18. januar 1965) i Trondheim er ein norsk tidlegare skihoppar. Han var med på det norske laget som vann VM-sølv i lagkonkurransen i stor bakke i Lahti i 1989. Frå noregsmeisterskapane fekk han med seg fire sølvmedaljar, alle i normalbakken, samt ein bronsemedalje.

Johansen debuterte i verdscupen i Lahti i mars 1987. Han slo ikkje heilt gjennom i internasjonale renn, ein fjerdeplass i St. Moritz i 1992 var hans beste plassering. Nasjonalt overraska han med å vinne sølvet under NM i normalbakken i 1988, berre overgått av Erik Johnsen. Dei beste sesongane hans var frå 1989 til -92. Under VM i Lahti fekk han ikkje hoppe i nokon av dei individuelle tevlingane, men var med på laget som vann VM-sølvet bak Finland. Clas Brede Bråthen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Beste individuelle VM-plassering var ein 13. plass under skiflygings-VM i Harrachov i 1992, same sesongen vart han nummer 18 i storbakken under OL i Albertville. Johansen var aktiv på toppnivå frå 1987 til 1993. Han tevla for Leknes og var med i treningruppa til Trønderhopp.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1988: Sølvmedalje i normalbakken i Skien
  • 1989: Sølvmedalje i normalbakken i Vikersund
  • 1990: Sølvmedalje i normalbakken på Fluberg, bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 1991: Nr 8 i storbakken i Bærum
  • 1992: Sølvmedalje i normalbakken i Molde
  • 1993: Nr 8 i storbakken på Odnes

Han la opp i 1993.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]