Magne Kleiveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magne Kleiveland
Fødd 1804
Død

1892

Yrke musikar

Magne Pederson Kleiveland (18041892) òg kjend som Einlidskaren var ein norsk spelemann frå Osterøy. Han var læregut til Nils Rekve og læremeister for mellom anna Johannes Vollertson Vevle, læremeisteren til Nils Brakvatn. Einlidskaren var òg ein av dei som lærde Ole Bull om folkemusikken.

Kallenamnet Einlidskaren kjem frå at han budde på husmannsplassen Einlidskaret på Kleiveland på Osterøy.

Magne Kleiveland kunne mange slåttar, men få av desse er kjende i dag. Jon Jelmert har gissa på at spelet hans Einlidskaren var for spesielt og vanskeleg til at læregutane fatta alt, sjølv om dei var dugande spelemenn, dei òg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]