Magne Lerheim
| Magne Lerheim | |||
| | |||
| Fødd | 14. desember 1929 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 13. mars 1994 (64 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre (ukjend; 1972), Det Liberale Folkepartiet (1972) | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Europa-colleget | ||
| Medlem | Unge Venstre | ||
| Alle verv |
| ||
Magne Lerheim (14. desember 1929–13. mars 1994) var ein norsk jurist og embetsmann frå Langevåg, dåverande Borgund kommune, no i Sula kommune i Møre og Romsdal. Han var også politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet, der han var partiformann.
Som jusstudent var han leiar av Studentvenstrelaget i 1952. Han vart cand. jur. i 1957. Han var formann i Unge Venstre frå 1960 til 1962. I 1963 var han statssekretær i kyrkje- og undervisningsdepartementet i den kortliva regjeringa Lyng, i tida 28.08-25.09.1963. Frå 1965 til 1973 var han første varamann på Stortinget for Venstre i Hordaland. Frå 14.02.1966 til 30.04.1967 var han igjen statssekretær, denne gongen i finansdepartementet under Ole Myrvoll i regjeringa Borten. Då Venstre vart splitta i 1972 gjekk han over i Det Nye Folkepartiet. Han vart formann i det nye partiet frå 1973 til 1978.
Han var universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen frå 1977 til 1990.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Universitet og samfunn. Festskrift til Magne Lerheim. (Bergen, 1989, Alma Mater Forlag A/S)