Magne Lystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Magne Lystad (12. november 193221. januar 1999) var ein norsk orienteringsløpar frå Lunderseter i Hedmark. Han vart nordisk mester i 1957 og 1959, i 1962 sigra han i det nyinnførte europameisterskapet. Han hadde 7 individuelle mesterskap og fem stafettmesterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lystad vart norsk meister fyrste gongen i 1954, ein prestasjon han fylgde med å vinne dei neste tre meisterskapa. I 1957 vart han i tillegg nordisk meister på suverent vis framom tre landsmenn, meisterskapen vart avvikla ved Hegra i Nord-Trøndelag. To år seinare vart han på ny både norsk og nordisk meister, den siste meisterskapen fann stad ved Ålborg i Danmark. I 1960 og 1962 vart han noregsmeister for sjette og sjuande gong, sommaren i mellom kom han på tredjeplass i den nordiske meisterskapen.

Høgdepunktet for Lystad kom ved den fyrste av to europameisterskap. Sundag 23. september 1962 i Løten sprang han inn til sigerstida 1.48.32 og slo andremann med 5 minutt og 39 sekund. I 1964 var han med i det norske firemanns-laget som tok sølv i stafetten under EM. Han avslutta år som aktiv løpar med å vinne bronsemedaljen i den individuelle tevlinga ved den nordiske meisterskapen 1965 ved Hokksund.

Med laget sitt, Lunderseter IL, vart Lystad stafettmeister i noregmeisterskapane 1956, 1957, 1958, 1961 og 1964.

År 1957 vart Magne Lystad tildelt både Morgenbladets gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett for triumfen i den nordiske mesterskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]