Magnetfeltsatellitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein magnetfeltsatellitt er ein satellitt som er laga for å måle magnetisk felt. Dei vert særskild nytta for å kartlegge og studere magnetfeltet til jorda (jordmagnetisme) og andre planetar. For å få målingane så nøyaktige så mogeleg, med så få forstyrringar som mogeleg, må satellitten og komponentane innvendig byggast med ikkje-magnetiske materialar. I tillegg må ein unngå straumbanar sidan elektrisk straum skapar magnetiske felt, og ein må plassere sensorane på lange bommar for å kome så langt bort frå forstyrrande komponentar i satellitten som mogeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]