Magnetic South

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnetic South
Studioalbum av Michael Nesmith & The First National Band
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1970
Innspelt Februar til mars 1970
Sjanger Countryrock
Lengd 33:24
Selskap RCA Records
Produsent Felton Jarvis
Michael Nesmith & The First National Band-kronologi 
The Wichita Train Whistle Sings
(1968)
Magnetic South Loose Salute
(1970)


Magnetic South er det første soloalbumet til den amerikanske musikaren Michael Nesmith etter karrieren hans i The Monkees var over. Det kom ut på RCA Records i 1970 og nådde 143. plassen på Billboard Pop Albums-lista. Magnetic South vert rekna som eit tidleg døme på countryrock. Ein singel, « Joanne/One Rose», vart gjeven ut frå albumet og nådde 21. plassen på Billboard-lista og sjetteplassen på Adult Contemporary-lista. Det var den høgasteplasseringa Nesmith klarte i solokarrieren sin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nesmith skipa gruppa First National Band for høvet, og nytta dette namnet på omslaget. BandmedlemmetJohn London hadde tidlegare spelt bass på fleire songar av The Monkees og vore statist på fleire episodar av TV-serien, medan Red Rhodes hadde spelt på eit par Monkees-songar, som «Steam Engine», i 1969.

Fem av dei elleve songane på albumet var skrivne av Nesmith medan han var i The Monkees. Dei fire første spora vart spelte inn i 1968-1969 for The Monkees, medan «Hollywood» òg vart spelt inn i 1968, men for ein demo av Nesmith, for kanskje å takast med på albumet Headquarters. Då Nesmith prøvde å distansere seg frå The Monkees, men han dediserte likevel albumet til Bert Schneider, Davy Jones, Micky Dolenz og Peter Tork (i tillegg til Lester Sill). Nesmith nemnde ikkje eller hinta til The Monkees att før The Michael Nesmith Radio Special, ni år seinare.

Felton Jarvis vart oppført som produsent, sjølv om han ikkje eigentleg gjorde noko produksjonsarbeid. Dette vart hovudsakleg gjort som ein takk til Jarvis, som hadde hjelpt til med å få The First National Band til RCA Records. Jarvis vart òg den einaste personen utanom Nesmith sjølv som stod oppført som produsent på nokon av albuma hans.

Magnetic South kom ut på ny i 1999 som 16 Original Classics med fem bonusspor.[1] Det kom òg ut i lag med Loose Salute (begge ommastra) på CD av RCA/BMG International i 2000.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Christgau's Record GuideB[4]
Q4/5 stars[5]

Magnetic South selde heller dårleg, men vart ei ny retning for Nesmith og hjelpte han bort frå imaget sitt som ein Monkee. Under ein av dei første konsertane bandet spelte, spelte dei i lag med Gram Parsons og det heilt nye bandet hans Flying Burrito Brothers. Nesmith hugsa korleis det må ha sett latterleg ut for erfarne countryfans, som Parsons, som såg ein tidlegare Monkee kledd i Nudie-dress med ein steelgitarist på slep. Den unike stilen deira var nok til å få innpass i klubbmiljøet i Los Angeles og skape eit nytt image for Nesmith.

Allmusic skreiv i meldinga si: «Michael Nesmith blanda ein countrystil med instinktet til ein rockar, og blanda luftige tankar om livets natur og kjærleiken til ikonoigrafien over livet i Vesten som samla det gamle og det nye, og gleda seg i motsetnader på Magnetic South, og fekk dei til å høyrast like behagelege ut som slitte cowboystøvlar og like morosame som ein låvedans ein laurdagskveld. Det er eit lite meisterverk innan countryrock, og sjølv om Eagles selde fleire plater, kan Nesmith jodle betre enn nokon av dei.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Michael Nesmith, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Calico Girlfriend» 2:37
2.«Nine Times Blue» 1:39
3.«Little Red Rider» 2:34
4.«The Crippled Lion» 3:10
5.«Joanne» 3:10
6.«First National Rag»Red Rhodes0:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Mama Nantucket» 2:36
8.«Keys to the Car» 2:52
9.«Hollywood» 5:03
10.«One Rose»D. Lyon, L. McIntyre3:27
11.«Beyond the Blue Horizon»Richard A. Whiting, W. Franke Harling, Leo Robin5:55
Bonussporpå 16 Original Classics-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Silver Moon» 3:11
13.«Lady of the Valley» 2:57
14.«Here I Am» 3:19
15.«Nevada Fighter» 3:08
16.«Tumbling Tumbleweeds»Bob Nolan3:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

  • Earl P. Ball – sidepiano
  • Glen Hardin - piano, klaverinstrument, spor 12-16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 16 Original Classics reissue review on Allmusic.
  2. Magnetic South and Loose Salute reissue review on Allmusic.
  3. Allmusic review
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: N». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. Quantick, David. «Review: Mike Nesmith - Magnetic South/Loose Salute». Q (EMAP Metro Ltd) (July 1999): 144.