Hopp til innhald

Magnhild Haalke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnhild Haalke

FødenamnMagnhild Camilla Kvaale
StatsborgarskapNoreg
Fødd12. august 1885
Vikna
Død

18. oktober 1984 (99 år)
Oslo

Yrkeskribent, barnebokforfattar, romanforfattar
EktefelleHjalmar Haalke
PrisarDoblougprisen, Mads Wiel Nygaards legat, Gyldendals legat

Magnhild Haalke (12. august 18858. oktober 1984) var ein norsk forfattar frå Vikna i Nord-Trøndelag.

Ho var fødd som Magnhild Camilla Kvaale, og var den nest eldste i ein syskenflokk på ti.[1] Mor hennar var Kaja Augusta Wiig (1863–1948). Faren Knut Kvaale (1852–1942) var gardbrukar, lærar og kyrkjesongar.[1]

Haalke utdanna seg som lærar. Ho verka i småskulen i over 30 år fram til ho tok avskjed i 1940.[2]

Magnhild Haalke vart gift med målaren Hjalmar Haalke i 1922.[1] Ho døydde i 1984, 99 år gammal.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Haalke debuterte 50 år gammal i 1935 med romanen Allis sønn. I denne romanen møter vi vesle Elling og mor hans, som begge strir fordi Elling er annleis enn andre born. Historia om han ender tragisk; han drep syster si. Denne tragedien til det uvanlege barnet er spesielt for Magnhild Haalke.

Ho er òg kjend for trilogien Grys saga, som omfattar Åkfestet (1936), Dagblinket (1937) og Rød haust (1941). Hovudpersonen her er ei einsam, ugift kvinne som på sett og vis har tapt sitt eige liv.

Haalke skreiv enno ein trilogi, Serinas hus (1955), Munter kvinne (1957) og Serinas vei (1962), novellesamlinga Sol og skygge (1971) og erindringsboka Mot nytt liv (1978).

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 Hageberg, Arnbjørg (28. september 2014). «Magnhild Haalke». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
  2. «Magnhild Haalke». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014.