Magni Øvrebotten
| Magni Øvrebotten | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 12. juni 1954 (71 år) Bremanger kommune |
| Yrke | redaktør, journalist |
| Ektefelle | Åsmund Berthelsen |
| Prisar | Nynorsk redaktørpris |
Magni Øvrebotten (fødd 12. juni 1954) er ein norsk journalist, redaktør, og målkvinne frå Botnane i Bremanger.[1] Ho var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 1990 til 2004, og leiar for Nynorsk mediesenter frå 2004 til 2021.[2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Øvrebotten voks opp på ein gard der ho var den eldste av tre sysken. Ho tok tidleg del i gardsarbeidet, og lærte seg å vera sjølvstendig.[1] Då ho var 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å ta framhaldskule.[1]
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser.[1]
Journalist
[endre | endre wikiteksten]Alt som 8-åring bestemte Øvrebotten seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der Per Håland var redaktør.[1] Avisa hadde rykte på seg til å vere ein tøff arbeidsstad, og i pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det.»[1]
I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje.[1] Frå 1980 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør.[1] I 2004 vart ho leiar for NRK Nynorsk mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.[1]
Målkvinne
[endre | endre wikiteksten]I Botnane var nynorsk målet då Magni Øvrebotten vaks opp.[1] Då ho i vaksen alder vart ei målkvinne og kjempa for eigen og andre sin rett til å skrive på nynorsk, meiner Øvrebotten sjølv at det kan sporast tilbake til historier bestemor hennar fortalde; bestemora måtte skrive dansk på skulen, og syntest det var forferdeleg fordi ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Denne uretten gjorde eit sterkt inntrykk på barnebarnet.[1]
Øvrebotten sat i interimsstyret for Språkrådet frå 2004 til 2006 og var nestleiar i styret der frå 2006 til 2010.[2]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Øvrebotten vart tildelt Nynorsk redaktørpris i 2013.[2] Ho fekk Kringkastingsprisen i 2021.[3]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Ho har vore busett i Naustdal sidan 1982 med ektemannen Åsmund Berthelsen og born.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 «Magni Øvrebotten: journalist, NRK-redaktør og målkvinne.». Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane. Arkivert frå originalen 1. oktober 2018. (CC-BY-CA)
- 1 2 3 Øyvind Holen; Ottar Grepstad (31. august 2022). «Magni Øvrebotten». Store Norske Leksikon.
- ↑ Kringkastingsprisen – Kringkastingsringen, henta 9. juni 2023