Magnus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnus er eit mannsnamn. «Magnus» er same ord som det latinske adjektivet «magnus», som tyder «stor». Karl den store, som døydde i år 814, heitte på latin "Carolus Magnus". Truleg er det dette tilnamnet namnet "Magnus" stammar frå. Namnet "Magnus" vart brukt av nordiske vikinghovdingar i England900-talet. Magnus vart seinare eit kongenamn. Bruken som alminneleg førenamn skuldast truleg helgenen St. Magnus (av Orknøyane, død 1115).

Sju norske kongar har hatt «Magnus» som fyrste namn:

  • Kong Magnus I (Olavsson) den gode, konge (1035–1047)
  • Kong Magnus II Haraldsson, konge (1066–1069)
  • Kong Magnus III (Olavsson) Berrføtt, konge (1093–1103)
  • Kong Magnus IV (Sigurdsson) Blinde, konge (1130–1135)
  • Kong Magnus V Erlingsson, konge (1161–1184)
  • Kong Magnus VI (Håkonsson) Lagabøte, konge (1263–1280)
  • Kong Magnus Eriksson (Magnus VII), konge (1319–1355)

Kjende personar med namnet Magnus[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar med etternamnet Magnus[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]