Magnus Børmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Børmark

Fødd26. november 1982 (41 år)
OpphavNoreg
Sjangerrock
Instrumentgitar
Verka sommusikar, gitarist

Magnus Robot Børmark (fødd 26. november 1982) er ein norsk el-gitarist, kjend frå Musikkgruppa Gåte.

Oppvekst og Gåte[endre | endre wikiteksten]

Børmark er fødd og oppvaksen i Trondheim, der han lærte å spela gitar og piano av storebror sin. Han spela også trommer i korps i fem år. Etter kvart vart han kjend med Sveinung Sundli frå Orkdal, som starta opp Gåte saman med systera Gunnhild Sundli, Martin Langlie og Gjermund Landrø. I eit intervju i studentavisa Under dusken sa Børmark at då han spurde om å få vera med i Gåte, svara Sundli fyrst nei, men han overbeviste Sveinung med rare gitarlydar som han aldri hadde høyrt før. Han vart medlem av bandet i 2000, som el-gitarist.

Før Gåte gav ut sin fyrste CD, Jygri frå 2002, sendte Børmark ein søknad til folkeregistret der han skreiv at han berre ville kjenna seg som eit heilt menneske om han fekk ta i bruk mellomnamnet «Robot». Søknaden vart innvilga.

Børmark var utvilsamt den som var villast og skapte mest show i Gåte i dei åra bandet var aktivt. Gitarspelinga hans vart umisseleg for å ha rocken som element i musikken deira. I 2005 vart bandet oppløyst

Tida etter Gåte[endre | endre wikiteksten]

Etter dette vart Børmark med i det progressive rockebandet 22 saman med Martin Mullholand, Mats Paulsen og Andreas Kjøl Berg. Bandet debuterte på By:larm i Oslo, der dei spelte 22.2 på eit utselt Cosmopolite for 800 tilskodarar. Bandet la stor vekt på sceneshow, og bar preg av å vera modernistisk. Den 22. august 2008 gav 22 ut EP-en E. S. P. (Extended Sensory Play). I løpet av 2008 turnerte bandet heile Noreg fleire gonger; siste gongen var eit prosjekt der dei spela 22 konsertar på 22 dagar, og turnéruta var forma som eit to-tal på Noregskartet.

Under Gåte sin siste konsert på comebacket deira sommaren 2010, gav Børmark eit forrykande show og sprang både høgt og lågt på scena, ifylgje ein reportasje på nettsida Planb.no.

Børmark er vegetarianar og har vore medeigar i den vegetarianske lunsjbaren Persilleriet i Trondheim. Han har også vore aerobics-instruktør i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]