Magnus Bernhardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Bernhardsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1976 (47 år)
Oslo
Yrke organisasjonsarbeidar, litteraturvitar
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Periode 1998+2000
Føregangar Håkon Kolmannskog
Etterfylgjar Astrid Sverresdotter Dypvik

Magnus Bernhardsen (fødd 12. mai 1976) er ein norsk målmann og venstreaktivist frå Oslo. Han var leiar i Norsk Målungdom i åra 1998-2000, og arbeidde som organisasjonssekretær i Noregs Mållag frå 2000.

Barndom og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Magnus Bernhardsen budde dei fyrste leveåra sine på Tau i Ryfylke. Familien flytte til Veitvet i Oslo, og der har han budd sidan. Han gjekk på ålmenfagleg linje på vidaregåande ved Oslo katedralskole i 1992-95. Dessutan har han studert bibliotekfag i eitt år ved Høgskolen i Oslo.

Målsak[endre | endre wikiteksten]

Då han var leiar i Norsk Målungdom, profilerte Magnus Bernhardsen kampanjane «Ta flagget tilbake frå nazistane» (1998) og «Stogg urbanismen» (1999). Hausten 2000 tok han over etter Vidar Lund som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sentralt.

Andre verv i og for målrørsla[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Bernhardsen er svært aktiv Vålerenga-supportar, og har vore medlem av hovudstyret i Klanen (2006-2007).

I 1995 skreiv han heftet Biji Kurdistan (utgjeve av Raud Ungdom, ISBN 82-992848-6-4) saman med Lars Julin etter ei reportasjeferd i Kurdistan.