Magnus III av Noreg
(Omdirigert frå Magnus Berrføtt)
Magnus III eller Magnus Olavsson Berrføtt. Fødd 1073 og døydde i 1103. Konge av Noreg i tidsrommet frå 1093 til 1103. Olav III Haraldsson Kyrre var far til Magnus Berrføtt. Magnus Berrføtt reiste i 1098 på tokt til øyane vest i havet. Orknøyane og Hebridane vart då ein del av Noregsveldet. I Soga om Magnus Berrføtt er [1], vert fortald om at då han Magnus konge kom attende frå vesterviking hadde han og mennene hans teke mykje dei same skikkane og kledesbunader som var vanlege i vesterlanda. Mellom anna gjekk dei med bare legger på gata, og hadde stutte kjortlar og kapper. Han vart difor kalla «Magnus Berrføtt».
Føregjengar: Olav III Kyrre |
Konge av Noreg | Etterfylgjar: Olav Magnusson |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Sturlason, S., Kongesoger, Det norske samlaget, 4. utg. 2. oppl. 1994.