Magnus Brostrup Landstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus Brostrup Landstad

Magnus Brostrup Landstad (7. oktober 18028. oktober 1880) var ein norsk prest, salmediktar og folkeminnesamlar. Han vart fødd i Måsøy, og døydde i Kristiania, Han var fetter av Hans Peter Schnitler Krag.

Landstad er spesielt kjend som diktar av salmar og samlar av folkeminne. I Seljord ligg Landstad-instituttet, oppkalla etter han. Landstad si salmebok til bruk ved gudstenester vart autorisert til bruk i den norske kyrkja i 1869, og etter kvart vart ho det nasjonale salmeverket Landstad hadde ynskt. Ludvig Mathias Lindeman sette melodi til mange av songane.

Landstad flytta med faren Hans Landstad (1771-1838) som òg var prest. Først i 1806 til Øksnes, til Vinje i 1811 og til Seljord i 1819. Han tok teologisk embetseksamen (cand.theol) i 1827, og arbeidde deretter som residerande kapellan i Gausdal. Landstad gifta seg i 1828 med Mina Lassen, dottera til presten på Hadeland.

Magnus Brostrup Landstad vart sokneprest i Kviteseid i 1832, der han og familien vart sterkt svekka av lungesjukdom det første året. Han overtok i 1839 prestekallet i Seljord etter at faren døydde. I 1849 flytta han med kone og tolv barn til Fredrikshald (Halden), der han fekk eit prestekall. Han vart prost i Borgersyssel Prosti. Landstad var prest i Sandar frå 1859.

«Landstad var ingen pietist, men heller ingen grundtvigianer... Han representerte dem som ville reformere kirken ovenfra i lojalitet med et nedarvet kirkesyn. Det passet den konservative kirkestatsråd Hans Riddervold svært godt.» [1]

Magnus Brostrup Landstad vart tildelt St. Olavs Orden i 1870. Etter eit slagtilfelle i 1874 flytta han til Kristiania.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Salmeboka vart seinare omarbeidd (revidert) sjå Landstads reviderte salmebok

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Egil Elseth: Magnus Brostrup Landstad i Kirke & Kultur 4/2002:374.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]