Magnus G. Oppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus G. Oppen
Fødd 4. september 1835
Elverum
Død

1. mars 1913
Tjølling

Yrke reiar, politikar

Magnus Gothilf Oppen (4. september 18351. mars 1913) var ein norsk trelasthandlar, skipsbyggjar, samt stortingsmann for Høgre, fødd i Elverum. Han var far til Magnus H. Oppen.

Oppen var son til ein offiser. Han var først sjømann, sidan gjekk han skule i England og Frankrike, der han lærde språk og studerte skipsbyggjing. Sidan arbeidde han fem år på eit skipsreiar- og trelastkontor i Noreg. Frå 1860 dreiv han med eksport av trelast frå eige sagbruk i Tjølling. I 1865 byrja han i tillegg med skipsbyggjing i same heradet. Største skipet han bygde, eit seglskip i tre kalla «Excelsior» var på 1 400 tonn.

Han var medlem av heradsstyret i Tjølling frå 1872 til -90, i fjorten av åra var han ordførar. Elles formann i Norsk Skibsrederforening i mange år.

Oppen representerte Jarlsberg og Larviks amtStortinget 1889-91 og 1900-06. På alle tre tingsamlingane var han medlem av tollkomiteen. Elles var han medlem av særkomiteen om sjødugleiken til skip 1901-02 og av valkomiteen 1903-06.

Han døydde på garden sin, Gloppe i Tjølling, i 1913.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914