Magnus H. Oppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus H. Oppen
Fødd 4. oktober 1862
Tjølling
Død

5. august 1946

Yrke politikar, jurist, banksjef

Magnus Hesselberg Oppen (4. oktober 18625. august 1946) var ein norsk jurist, bankmann og Høgre-politikar. Magnus G. Oppen var far hans. 1903-06 opplevde ein at både far og son Oppen samstundes hadde fast plass i Stortinget.

Oppen var fødd i Tjølling. Han vart student 1881 og cand. jur. i 1886. Dei to neste åra oppheldt han seg i Paris og London for å lære seg språk. I 1888 byrja han som sakførar, og gjekk same året inn i faren sitt skipsreiarlag. År 1897 vart han tilsett banksjef for Larviks Privatbank.

1890-94 var Oppen heradsstyremedlem i Tjølling. Då han vart banksjef, busette han seg i Larvik og var bystyremedlem 1901-03 og frå 1907. Han var ordførar i byen 1901-03 og 1910-11.

Oppen vart i 1903 vald inn på Stortinget for Høgre, der han representerte bykrinsen Sandefjord og Larvik fram til 1906. Han var 1903-05 medlem av næringskomite nr 2, 1905-06 var han sekretær i justiskomiteen.

Oppen var frå 1901 styreformann i Larviks verkstad, frå 1906 ordførar i Centralbanken for Norge og frå 1910 styreformann for Hølens verkstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Wasberg, G.C. og Langeland, A. St. (1963): Larviks historie, 3. bind, s. 78